Polarekspedisjonanes nattside
ANMELDELSE: Kva skjedde da skipet Belgica fraus fast i isen? Julian Sancton skriv den dramatiske historia til ein av dei mindre kjente polarekspedisjonane.
INNESPERRA: Det svært godt dokumenterte opphaldet, der alle om bord på skipet Belgica skreiv sine versjonar undervegs og etterpå, er blitt til ei mørk og dramatisk forteljing.
Den belgiske kapteinen Adrien de Gerlaches påkosta vitskapelege reise
til dei sørlege polarområda kom til å vare i heile tre år, frå 1897 til 1899.
Det norskbygde skipet, som de Gerlache hadde gitt namnet Belgica, frys fast i isen og den samansette besetninga frå Belgia,
Norge, USA, Polen og andre land opplever ei svært ufrivillig overvintring og
eit opphald i polarnattas mørke med
sviktande matforsyning.
Med boka med den talande tittelen Galehus
ved verdens ende, skildrar den amerikanske journalisten Julian Sancton den
dramatiske historia til ein av dei mindre kjente polarekspedisjonane heilt på
slutten av 1800-talet.
Bestill abonnement her
KJØP