Verdas største menneskelege migrasjon er i gong

Når kinesarar i dag startar reisinga for markeringa av eit nytt år inneber det den største årlege migrasjonen i verda.

Det kinesiske nyåret markerer i år starten på «Rottas år». Det er rekna at omkring 385 millionar menneske vil reise til vennar og familie for å markere høgtida.
Publisert Sist oppdatert

I dag startar Chunyun, det kinesiske namnet på den 40 dagar lange perioden der kinesarar kring heile verda reiser heim for å feire det kinesiske nyåret.

Det er rekna at omkring tre milliardar reiser vil bli gjennomført i tidsperioden, noko som inneber ei lita auke frå fjoråret, skriv CNN. Av dei vil 2,43 milliardar bli gjort med bil, 440 millionar med tog, 79 millionar med fly og 45 millionar med båt. Det er rekna at kvar reisande i gjennomsnitt vil reise heile 700 kilometer.

Andre årlege migrasjonshendingar og pilegrimsturar bleiknar i forhold. Der omkring 40 millionar menneske tar del i pilegrimsmålet i Karbala i Irak og 50 millionar menneske reiser heim til Hausttakkefest i USA, var talet på reisande til kinesisk nyår i 2018 på heile 385 millionar menneske.

LES OGSÅ: - Norge er nå blant de landene med varmest forhold til Kina

«Rottas år»

I Kina er det månen som avgjer tidspunktet på overgongen til det nye året. I år fell datoen den 25. januar, kor feiringa varer i 15 dagar. Ifølge legenda kjem det halvt drage, halvt løve-monstret «Nian» ut frå skjul for å ete menneske og spesielt menneskebarn. Då monstret skal vere redd for høge lydar, flammar og farga raud, blir det i tradisjon tru brukt enorme mengder fyrverkeri og kinaputtar for å halde monstret unna.

I Kina er høgtida kjent som Vårfesta. Også for land som har vore prega av kinesisk kultur blir høgtida markert. Det inkluderer blant anna mongolarar, koreanarar og vietnamesarar.

Sjølv om Kina i likskap med store deler av verda brukar den gregorianske kalenderen er høgtidene deira styrt av den tradisjonelle kinesiske kalenderen. Han er basert på omløpet til sola og månen og følger ein syklus på tolv ulike år. I år markerer høgtida overgongen til «Rottas år».

LES OGSÅ:Solen skinner på Kinas klimapolitikk

Samferdsel

Dei enorme mengdene av reisande resulterer naturlegvis i store utfordringar for kinesisk samferdsel. Flyplassar i Kina har planlagt minst 17 tusen avgangar kvar dag. I fjor opna ein ny enorm flyplass i Beijing som vil bidra til å lette på trafikken. Styresmaktene har også tatt i bruk ny teknologi på togstasjonar og flyplassar med blant anna ansiktsattkjenning for å auke effektiviteten. I tillegg til fly og tog er det planlagt å bruke minst 790 tusen bussar og 19 tusen båtar i samband med høgtida.

Også jernbanar vil merke stor pågang, noko kinesiske styresmakter har forsøkt å førebu seg til. Berre i 2019 utvida Kina sine jernbanar med 8489 kilometer, noko som inkluderer to høgfartsforbindingar med sjåførlause tog som kan nå ei fart på opptil 350 km/t i strekningar mellom større byar nord i Kina.

Fakta: