Varslar slutten på demokratiet i dyster framtidsfabel
FORFATTARINTERVJUET: Dagens islam er ein karikatur av den opphavlege, meiner den algeriske forfattaren Boualem Sansal. Han er aktuell på norsk med boka 2084. Verdens undergang.
Den algeriske forfattaren Boualem Sansal har vunne fleire prisar for romanen , som skal vere ei åtvaring om at eit islamistisk verdsherredøme er noko vi kan vente oss i nærmaste framtid.
Carl Martin Nordby
Boka 2084. Verdens undergang av den algeriske forfattaren Boualem Sansal vekte oppsikt då ho kom på fransk i 2015. Det er ein satirisk framtidsdystopi inspirert av George Orwells klassikar 1984 frå 1948. Men der Orwell teiknar eit skremmebilde av kommunismens ytste konsekvens, er det radikaliseringa av islam Sansal vil åtvare mot. Det totalitære og verdsomspennande samfunnet i romanen er gjennomsyra av ein forvrengd og fundamentalistisk versjon av islam: Religionen Gkabul, konstruert på religiøse ritual, strenge straffar, læresetningar og propaganda.
– Eit afrikansk ordtak seier: Det er betre å klage i dag enn å gråte i morgon. Eg håper framtida opnar auga for min spådom om eit islamistisk verdsherredøme i nær framtid, seier Boualem Sansal til Vårt Land på e-post.
Politisk islam