Ulstein om kvardag og domedag
Jan Ove Ulstein har levert ei stramt komponert diktsamling om våre trivielle liv, medieverda og katastrofar.
Han har skrive om undergangsprofetiar og endetid. Jan Ove Ulstein er ein moderne poet med ein gamal bodskap. Heilt sidan debuten med den fine Slag på berget har det vore ei viktig oppgåve for han å formulera med vår tids språk - og innanfor vår tids erkjenningar - ein kristendom som ikkje berre er tru og tanke men like mykje personleg røynsle.
Sunnmørsk landskap. Noko enkel forkynning er det ikkje tale om, for det er både tvil, indre kamp og utfordring i dikta og prosaen hans. Utganspunktet er i alle fall ein lærd poet som framleis har røtene sine i eit sunnmørsk landskap med ein sterk kristen tradisjon. Landskapet har vore med heile tida, som teikn, symbol, inspirasjon men òg som grensesetjar mot lettvinte intellektuelle løysingar.
«Ein tjuv om natta». I I eitt no har han funne ei fin kompositorisk ramme der han vekslar mellom avskrift frå tekst-TV nokre maidagar 2010 og den apokalyptiske forkynninga om endetid og Gudsrikets bråe kome. Samlinga har ei fabelaktig fin opning: