«Udøyeleg» filosof og teolog skal halde Fosseforedraget
FILOSOFI OG LITTERATUR: Den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion blir rekna som ein av dei fremste tenkarane i Europa. No skal han halde foredraget som er stifta for å heidre Jon Fosse.
FILOSOFI OG LITTERATUR: Den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion blir rekna som ein av dei fremste tenkarane i Europa. No skal han halde det nyoppretta Fosseforedraget.
Nasjonalbiblioteket
Regjeringa oppretta Fosseforedraget etter at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i fjor. No er den første foredragshaldaren klar: Den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion, ein av dei fremste tenkarane i Europa.
– Det er eit svært spennande val, seier professor i filosofi ved VID vitenskapelige høgskole, Magdalene Thomassen.
Fosseforedraget skal sette litteratur og dramatikk på dagsordenen. Ifølgje Nasjonalbiblioteket skal forelesaren vere ein «internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som yter eit viktig bidrag til forståing eller formidling av litteratur på verdsbasis».