Sylvi Listhaug: – Vi må puste med magen
USA: Frp-leiar Sylvi Listhaug synest det er utfordrande at Donald Trump er så uføreseieleg. – Men USA er meir enn Trump, seier ho.
TRUMPS USA: – Ein blir jo uroleg for det som skjer, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug. – Vi er alle vaksne opp med at USA er den trygge, stabile hamna som er der når det trengst. Dette er snudd opp ned no, fordi usikkerheita har kome inn.
Erlend Berge
– Uføreseieleg og litt uoversiktleg, seier FrP-leiar Sylvi Listhaug etter ein dryg månad med Donald Trump som president i USA.
– Eg brukar å seie at det siste vi les om før vi legg oss, er Donald Trump. Så er han også det første vi møter når vi vaknar igjen. Det går i eitt køyr, og med mange motstridande signal.
Vårt Land intervjua nyleg Henrik Syse, som åtvara mot å sjå på Trump som ein konservativ president. Han utfordra den breie høgresida i norsk politikk til å tenke nøye gjennom kva det vil seie å vere borgarleg, konservativ, ikke-sosialistisk, liberal eller kristendemokrat, og korleis Trump utfordrar dette.