Tilbake til snøen som falt
ANMELDELSE: Levi Henriksen returnerer til debutromanen, men denne gongen går det for mykje på tomgang.
TILBAKE: Levi Henriksen vender tilbake til boka han vant Bokhandlerprisen for i 2004. Men held han eit like høgt nivå no som da?
Med årets Lyset de døde ser, ei fartsfylt bok om minner og sorg, vender Levi Henriksen tilbake til
der han starta som romanforfattar. No står Daniel Kaspersen, hovudkarakteren frå
den første romanen hans, ved dødsleiet til Mona. Dei vaksne barna Sebastian og
Jakobine er også der.
Ihuga
Levi Henriksen-lesarar, og dei er det mange av, kjenner igjen fleire av desse
folka frå Henriksens strålande debut-roman frå 2004, Snø vil falle over snø som har falt. Då hadde Daniel nettopp kome
ut frå fengsel etter ein narkotikadom og sørga over bror sin, Jakob, som
tilsynelatande hadde tatt livet sitt.
I arbeidet med å finne ut kva som skjedde
med Jakob, fekk Daniel god hjelp av den stødige heidersmannen Markus Grude som
er lensmann på staden.
Bestill abonnement her
KJØP