Superkule Patti Smith slo seg laus
Den 67 år gamle legenda rockar framleis heftig.
Tone Leksbø Walgermo
Snakkar vi Patti Smith, snakkar vi rockehistorie «still going strong». Siste halvdel av 1970-talet, og ikkje minst med albumdebuten Horses i 1975, var Smith blant dei fremste leverandørane av rockepoesi med rå energi. Mellom 1980 og 1995 var ho sterkt tilbaketrekt frå den offentlege rockescena, og brukte mesteparten av tida på familien sin, men vart overtalt til å komme attende til turnélivet etter at mannen Fred «Sonic» Smith døydde i 1994. Blant anna gjorde ho nokre konsertar saman med Bob Dylan.
Dei seinare åra har Patti Smith turnert flittig også i Europa, og har vore i Noreg fleire gonger. Laurdag kveld var det Månefestivalen i Fredrikstad som hadde besøk av punkdronninga. Med slitne jeans, kvit T-skjorte og svart blazer entra Patti Smith scena på slentrande og tilbakelent vis. Men musikalsk var det full guffe frå start, med «Redondo Beach» frå Horses som første låt, deretter «April Fool» frå det nye albumet Banga (2012) og «Dancing Barefoot» frå 1979-albumet Wave.
Punkens jordmor. Patti Smith hadde, i tillegg til trommis og bassist, med seg sonen Jackson Smith på el-gitar og dottera Jesse Smith på tangentar. Dei gjorde ikkje så mykje ut av seg, så her er det nok moder'n som framleis er sjef. Kva anna kan ein vente seg av ei som blant anna er blitt kalla «punkens jordmor» og som har inspirert det som kan krype og gå av yngre – både mannlege og kvinnelege – rockeartistar?