Kultur

Stort fall i pressestøtta for dei kristne dagsavisene

Vårt Land får 12 prosent mindre i pressestøtte i 2019 samanlikna med 2018. For Dagen er fallet på 5 prosent. – Litt overraskande, seier Vårt Land-sjefredaktør Bjørn Kristoffer Bore.

Tala for 2019 kom frå Medietilsynet fredag. Den store nyheita er at lokalavisene får 5,6 millionar meir pressestøtte enn i fjor. Den totale potten har auka med 5 millionar til 318 millionar, noko som tilfell lokalavisene.*

For Vårt Land blir det derimot eit fall i pressestøtte på 12 prosent, frå 36,9 millionar kroner til nær 33,1 millionar.

– Dette er over to millionar mindre enn Medietilsynet sine eigne prognosar i juni, så det er litt overraskande, seier sjefredaktør i Vårt Land Bjørn Kristoffer Bore.

Han meiner det er utfordrande å få denne typen meldingar midt i november.

– Det viser kor lite føreseieleg ordninga er, spesielt når politikarane grip inn, meiner Bore.

Selbekk: – Dette er vanskeleg å forstå

For Dagen, den andre kristne dagsavisa i Noreg, er fallet på 5 prosent – frå nær 16,2 millionar til 15,4 millionar kroner. Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk seier at ein nedgang på nær 800.000 kroner er overraskande.

– Det er krevjande i ein allereie pressa ressurssituasjon. Vi ser igjen at politiske vedtak verkar negativt inn på oss, både politiske og administrative.

Selbekk viser til at avisa Morgenbladet får endra status og går opp fem millionar i pressestøtte. I tillegg kjem millionane som blir omfordelt til lokalaviser.

– Dette merkar vi alle. Vi går ned i pressestøtte sjølv om vi går opp i opplag. Det er vanskeleg å forstå, meiner Dagen-redaktøren.

Røft 2018-halvår slår hardt

For Vårt Land er fallet stort, både i prosent og i millionar. Mediestøtta tek utgangspunkt i opplagstala for 2018. For Vårt Land var første halvdel av 2018 eit halvår prega av konflikt og opplagsfall.

– Dette slår ekstra hardt ut for Vårt Land, fordi vi hadde eit dårleg første halvår i fjor på grunn av redaktørstriden, seier sjefredaktør Bore.

Hadde dei foreløpige opplagstala for 2019 vore gjeldande, hadde bildet vore heilt annleis.

– No peikar opplagskurven oppover igjen, og inntektene aukar. Nettrafikken er nesten dobla på eitt år, og annonseinntektene aukar, slår Bore fast.

• LES MEIR: Vårt Land aukar opplaget: – Vi har satsa tydeleg på å nå ut til heile Kristen-Noreg

Tankekors om opplagstal

Situasjonen er den same for avisa Dagen.

– Det er eit stort tankekors at avisene gjer det bra opplagsmessig, både Vårt Land og Dagen har vekst, men vi går likevel betydeleg ned i pressestøtte, seier Selbekk.

Han viser til at ein frå politisk hald er blitt bedne om å omstille seg til ein digital kvardag.

– Vi har gjort det, vi har drive ei kostbar omstilling for å få større digital berekraft. Så er belønninga, etter stor digital vekst, lågare pressestøtte. Det er vanskeleg å forsone seg med, slår Dagen-redaktøren fast.

Oppfordring til KrF og Venstre

I noverande situasjon er både Dagen og Vårt Land avhengige av pressestøtta. Andre store pressestøtte-mottakarar er mellom andre Klassekampen, Dagsavisen, Bergensavisen og Nationen.

Situasjonen framover er uklar, då kulturminister Trine Skei Grande (V) i mediestøttemeldinga varsla ei omfordeling av den direkte mediestøtta (sjå faktaboks) til fordel for lokale medium.

– Det er interessant å sjå korleis kulturministeren vil svare på spørsmålet ho har fått av Åslaug Sem-Jacobsen i Senterpartiet, meiner Selbekk.

I spørsmålet spør Sp-politikaren om kva kulturministeren vil gjere for å redusere uvissa for riksdekkande nisjeaviser som Vårt Land, Klassekampen, Nationen, Dagen og Dagsavisen.

– Vi sett vår lit til at KrF og Venstre skal forstå dette internt i regjeringa. Det kan ikkje berre vere Senterpartiet og dei raudgrøne som kjempar for desse avisene. Det er vår utfordring, spesielt til KrF, seier Selbekk til Vårt Land.

LES MEIR OM VÅRT LAND:

Siste brikke på plass – til Vårt Land frå Aftenposten: – alle veit kven som vinn av David og Goliat

Vårt Land får nyheitsredaktør og ny kulturredaktør: – Ein stor dag for Vårt Land

Vårt Land vil styrke tilliten hos «aktive kristne». No med nye redaktørar

* Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka blei det skrive at potten for produksjonstilskot er den same som tidlegare. Dette er feil. Dei drygt fem millionane som er nye tilfell lokalaviser og gjer ikkje at andre aviser får mindre. 

---

Pressestøtte

  • Om lag 150 norske aviser får i 2019 til saman 318 millionar i produksjonstilskot, betre kjent som pressestøtte.
  • Pressestøtta i Noreg er todelt, delt mellom direkte pressestøtte og indirekte pressestøtte.
  • Den direkte pressestøtta blei innført i 1969 og blir gitt over statsbudsjettet. Vårt Land, som éi av dei såkalla meiningsberande avisene, er éin av dei store mottakarane av direkte pressestøtte.
  • Den indirekte pressestøtta, som samla sett blir langt større, handlar om fritak for meirverdiavgift (MVA) for omsetnad av aviser trykt på papir.

---

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur