Kultur

Slik tenker vi på deg

No er Klaus Hagerup gått til eit land utan tid, høgare enn himmelen. I denne verda var nesten alt mogleg, no har han funne stilla.

«Dette er historien om tapperheten til et menneske som ville holde hele livet fast», skreiv Klaus Hagerup i Alt er så nær meg (1988), biografien om mor si, Inger Hagerup. «Reisen gjennom min mors tilværelse har styrket min egen kjærlighet til denne korte, korte tida vi har fått her på jorda. Det er egentlig bare dette jeg har lyst til å formidle.»

I arbeidet med biografien gjenopplevde Klaus Hagerup sin eigen barndom. Her føddest barne- og ungdomsforfattaren som mange av oss har hatt eit så nært forhold til. Frå 1989 og utover skreiv han ei rekke bøker for barn og ungdom, bøker som også blei og blir lesne av vaksne.

Humor og livsalvor

I Landet der tiden var borte (1989), som fekk Kritikarprisen, skreiv han om ei jente som mista bestevenninna si, der hans eiga sorg over tapet av mora låg som eit bakteppe. I Høyere enn himmelen (1990) etablerte han eit av det vakraste vennskapa i den norske samtidslitteraturen, mellom «problembarnet» Mari på tolv år og den sure frøken Kjær på 66. Scena der dei to blir vennar, er legendarisk: Mari trykker ein softis i fleisen på frøkna fordi ho «likar ho så godt».

Klaus Hagerup evna å skrive både humoristisk og med stort livsalvor. Bøkene om Markus, den første var Markus og Diana. Lyset fra Sirius (1994), fann eit stort publikum. Før det hadde han blant anna skrive brevromanar i samarbeid med høvesvis Jostein Gaarder (Bibbi Bokkens magiske bibliotek, 1993) og Tande-P (Bill.mrk. «De glødende hjerters liga», 1989, og God bedring!, 1991).

Samarbeid

Den gode evna til samarbeid kjenneteikna Klaus Hagerup; det er ikkje alle kunstnarar av format som er like flinke til det. Men Hagerup vaks opp med eit politisk engasjement på venstresida, det kollektive var ein positiv grunnidé. På 1970- og 1980-talet var han kjent som dramatikar, og kunne gjerne utvikle stykka sine i samarbeid med skodespelarane. I seinare tid skreiv han bøker saman med begge dei to døtrene sine, Hanne Hagerup og Hilde Hagerup, og saman med kona, Bibbi Børresen, som han var gift med sidan 1973. Han skreiv også manuset til den populære NRK-serien Snøfall saman med Hanne og Hilde.

Boka han arbeidde med då han døydde, skulle heite «Den levende boken», eit samarbeid med illustratøren Lisa Aisato, som han også laga Jenta som ville redde bøkene (2017) med. Det er ein mykjeseiande tittel. Klaus Hagerup var definitivt ein forfattar som laga levande bøker, bøker som vil leve i lang, lang tid etter at han sjølv no er død.

Brå bursdag

Klaus Hagerup har også tidlegare snakka om redsla for å døy, til Fredriksstad Blad fortalde han for ein knapp månad sidan at han heile livet har vore hypokonder. «Å grue seg til døden er som å glede seg til en bursdag. Du tror det er veldig lenge igjen, men plutselig er den der.» Dette sa Klaus Hagerup til Tore Renberg og nevøen Henning Hagerup då dei intervjua han for litteraturtidsskriftet Vagant i 1996.

Så kom han plutseleg, denne døden, som ein mørk og altfor brå bursdag. Klaus Hagerup blei berre 72 år og skulle ha skrive bøker i mange år enno. Kreften ville det annleis. Den fekk han påvist for litt over eit år sidan.

Dødsangsten forsvann

På slutten forsvann dødsangsten som hadde følgd han heile livet, ifølgje intervjuet i Fredriksstad Blad: «Det merkelige er at nå som jeg virkelig har grunn til å ha dødsangst, er den forsvunnet. Du avfinner deg med den. Vi er jo alle dødsdømte fra den dagen vi blir født.» Og: «Fordelen med kreft, eller en annen alvorlig sykdom, er at tankene blir klarere. Livet blir tydeligere.»

For berre ein månad sidan blei Klaus Hagerup tildelt Brages heiderspris for sitt virke som forfattar gjennom mange år. Sjeldan har denne heidersprisen vore like godt plassert. Han speglar den store heideren som Klaus Hagerup har gjort seg fortent gjennom livsverket sitt – heilt frå debuten Slik tenker jeg på dere i 1969 – alltid på kunsten, litteraturen og mennesket si side.

No er Klaus Hagerup gått til eit land utan tid, høgare enn himmelen. I denne verda var nesten alt mogleg, no har han funne stilla. Det er mange som vil minnest både mannen og bøkene med stor glede. Slik tenker vi på deg, Klaus.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur