Kultur

‘Skolemåltidet skal vere eit sosialt samlingspunkt’

Med skjerm under etinga et ein meir enn uten, seier ernæringsekspert. Folkehelserådgjevar åtvarar mot å gløyme dei sosiale rammene rundt måltidet.

– Du kjenner ikkje etter om du er skikkeleg mett. Apetittreguleringa di heng etter, du et gjerne meir enn om du ikkje hadde fokuset på skjermen.

Det seier Solfrid Bratland–Sanda, professor ved Universitetet i Sørøst–Norge, med spesiell kompetanse på fysisk aktivitet og helse og vektregulering. Ho er skeptisk til bruken av skjerm under måltid i barneskolen.

– Dette har vi mykje forsking på, knytt til tv-titting heime. Vi sitt mykje stille, det er eit folkehelseproblem. Og tv-titting er ei stor utfordring, for når du ser på tv så et du ikkje på same måte som når du les ei bok - du et større porsjon når du ser på skjerm. Når du ikkje ser på skjerm, kjenner du tidlegare at du er mett.

LES MEIR: Elevar bruker skolelunsjen til å sjå på Netflix

Finnes nasjonale retningslinjer

Bratland–Sanda seier dette er noko alle som jobbar med livsstilsendring og kosthald, både hos barn og vaksne, kjenner til.

– At ein del skolar bruker skjerm når barna skal ete, er det all grunn til å sjå nærmare på. Derfor er fleire av oss skeptiske til den utstrakte bruken av skjerm under måltid i skolen.

– Kvifor blir det ikkje gjort noko med?

– Det står i Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skolen frå Helsedirektoratet i 2015 at skolen skal legge fysisk til rette for måltid som fremmer matglede, sosialt samvær, trivsel og helse. Sjølv om denne retningslinja mest fokuserer på kvar elevane skal ete, kan ein argumentere for at det fysiske miljøet også kan omfatte bruk av skjerm.

LES MEIR: – Urørte matpakker er ei større utfordring enn skjermtitting

Vanskeleg for lærarane

Bratland–Sanda seier det ligg ein konflikt her. Når skolen kan definere matpausen til å bli tid for læring, kan bruk av skjerm bli forsvart. Men ho er klar på at dette ikkje er optimalt frå ein ernærings- og helsefagleg ståstad.

Ein skal ha respekt for at rektorar og lærarar gjer så godt dei kan innanfor dei ulike rammene dei har i kvar kommune, seier Bratland–Sanda.

– Men når det kjem til skjermbruk og måltid, er det ikkje hensiktsmessig med tanke på ernæring.

Ho viser til at mange elevar slit med etevanar.

– Da er skolemåltidet ein fin arena for å utvikle gode vaner.

VÅRT LAND: Skjerm matpausene fra skjermene

Eit sosialt samlingspunkt

Guro Høydal er folkehelserådgjevar i Vestfold og Telemark fylkeskommune. Ho synes bruken av skjerm i matpausen på barneskolane er urovekkande.

– Måltidet på skolen skal vere eit sosialt samlingspunkt som skal fremme matglede og trivsel, som det står i dei nasjonale retningslinjene. Det skal vere gode grunnar til å ikkje følgje dei.

Høydal arbeidar med eit prosjekt som heiter Liv og røre, som starta i Kragerø kommune i 2015 og som sidan blitt implementert i 10 kommunar. Prosjektet skal bidra til betre læring, trivsel og helse for barn og unge i skole og SFO. Det overordna målet er å betre levekåra gjennom auka fysisk aktivitet, sunne og inkluderande måltid, og det sosiale miljøet. Kosthaldsdelen byggar på dei nasjonale faglege retningslinjene for mat og måltid i skolen frå Helsedirektoratet.

Gløymer å ete

Det skal vere tid til dei uformelle samtalane, meiner Høydal.

– Elevane treng eit avbrekk frå ein travel skoledag. Dei treng å bli kjent med kvarandre.

Høydal peiker på at relasjonen mellom elevane og mellom elev og lærar, er viktige.

– Det å sitte saman og ete er gunstig for mange ting. Både for at alle blir inkludert i eit fellesskap, men òg for å legge godt grunnlag for læring, og for helse og trivsel. Det vi ofte høyrer og ser er at mange barn gløymer å ete fordi dei blir så opptekne av skjermen.

– Da gløymer dei kanskje å snakke saman òg?

– Ja, absolutt.

Sjå til Vinje

– Kva ville du sagt til ein lærar som brukar skjerm?

– Eg ville brukt desse argumenta eg snakka om no. Ein god matpause handlar om auka trivsel, læring og helse.

Høydal skjønner at læraren er pressa på tid og at det er lettvint å sette på ein skjerm. Men ho viser til Vinje kommune som har hatt gratis skolemåltid i 10 år.

– Det er ikkje alle kommunar som har fått til det, men i Vinje er eg blitt fortalt at det færre konfliktar i matpausane på skolane i kommunen. Dei har veldig gode erfaringar med det. Og når lærarane også må ete lunsjen sin, kan dei gjere det saman med elevane sine.

Meir enn å bli mett

Sjølv om lærarar kan vere i ein pressa arbeidssituasjon med store klassar og knapp tid, har ikkje Høydal møtt særleg motstand på arbeidet sitt.

– Vi har hatt fokus på dei sosiale rammene rundt måltidet. Eit måltid handlar om meir enn det å bli mett. Mitt inntrykk er at skolane her hos oss har satt fokus på akkurat dette.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur