Som Vårt Land skreiv i går, reagerer foreldre på bruken av skjerm i matpausane på barneskolen. Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet, seier dei ikkje veit heilt kva omfanget er for bruk av skjerm i matpausane.

– Eg synes vi skal vere litt forsiktige med å uttale oss om kor bastant situasjonen er.

Korte matpausar

Han meiner det er viktig å hugse på at når læraren vel å bruke skjerm i matpausane, så ligg det ein pedagogisk grunn bak.

– Det kan vere at ein del lærarar synes at matpausane er korte og at dei prøver kombinere matpausane med undervisning. Eg har høyrt om lærarar som for eksempel viser Supernytt og bruker det som utgangspunkt for samtaler i klassen.

Handal peiker òg på at det er meir og meir skjerm i liva til barna.

– Da er det ikkje så unaturleg at det dukkar opp skjerm i matpausane.

LES MER: Ingen oversikt over skjermbruk i skolelunsjen

Pedagogisk grunngjeving

I dei nasjonale retningslinjene som Helsedirektoratet har laga for mat og måltid i skolen, står det at det bør bli lagt til rette for måltid som fremmer matglede, sosialt samvær, trivsel og helse. Handal synes dei nasjonale retningslinjene er gode, og at det er viktig at dei blir følgde.

– Vi veit at for mange elevar opplever at matpausane er for korte, og at dei ikkje får tid til å få i seg maten. Vi høyrer også frå lærarar at matpausane er prega av ein del uro. Skolane burde diskutere om dei sett av nok tid til at elevane får ete, og korleis matpausane skal bli gjennomførte.

Han meiner òg det er viktig å hugse på at det skal vere ei pedagogisk grunngjeving for å bruke skjerm i matpausen.

– Den vurderinga bør bli tatt av lærarane som står nærast elevane. Derfor trur eg ikkje det er klokt å ha nasjonale retningslinjer for bruk av skjerm i matpausen.

Urørte matpakker

Lærarar står i ganske store klassar, minner Handal oss på.

– Det er krevjande å halde ro i rommet når så mange elevar skal gjennomføre matpausen på såpass kort tid. Skjermbruk i matpausane kan derfor også vere eit uttrykk for manglande personalressursar, men det er berre ein spekulasjon.

Han trekk òg fram at elevar et i ulikt tempo og at dei har med seg ulike måltidstradisjonar heimefrå.

– Det viktigaste er å ha nok til tid til at elevane får spist. Den største utfordringa no, er at elevar kjem heim med matpakker som ikkje er rørte.

LEST DENNE? Vårt Land mener: «Myndighetene må ta ansvar og skjerme skolebarnas matpauser fra skjermene»

Alt med måte

Hadde Handal sete i eit kommunestyre, ville han ha vore oppteken av å stille spørsmål til skolane om kva som kunne blitt gjort for at matpausane kan bli gode. Han tviler på at bruken av skjerm under matpausane er ei utvikling som kjem av at lærarane er slappe eller ikkje gjer bevisste val.

– Det handlar heller om rammer, tid og ressursar. Eg synest som sagt at dei nasjonale retningslinjene er gode, men vil minne om at dei opnar for ulike måtar å nå måla på.

– Sjølv om det ikkje står noko om skjerm der?

– Ja. Eg trur ikkje vi skal tenke at dersom vi bruker skjerm, så kan vi ikkje gjennomføre desse retningslinjene. Det er med skjerm som med alt anna: Alt med måte.

Bør ha bevisst haldning

Dei nasjonale retningslinjene for mat og måltid i skolen er utarbeida av Helsedirektoratet. Vi spør direktoratet om det bør vere eit eige punkt i retningslinjene om å avgrense skjerm når elevane har matpause på barneskolen. Fungerande avdelingsdirektør for barne- og ungdomshelse i Helsedirektoratet, Siv-Lise Bendixen Stærk, svarar oss skriftleg på mail.

– Nokre elevar et meir framfor skjerm, andre gløymer å ete. Felles for alle er at dei fråtas høvet til å prate med vener og medelevar.

Bendixen Stærk viser til at bruk av skjerm når elevane har matpause, er omtalt i Nasjonal fagleg retningslinje om mat og måltid i skulen. Under praktiske råd til anbefalinga om tilsyn av vaksen i matpausen, står det at «Skolen bør ha en bevisst holdning til bruk av TV eller annen underholdning under måltidet siden dette kan forstyrre spisingen og måltidets sosiale funksjon».

Vil sjå på skjermbruk

Dei nasjonale retningslinjene for mat og måltid er frå 2003, og er oppdaterte til 2015. Men den teknologiske utviklinga går fort – er det på tide å oppdatere retningslinjene?

– Nasjonale faglege retningslinjer er alltid under vurdering for oppdateringar, skriv Bendixen Stærk.

– Blant anna blir det vurdert det om kunnskapsgrunnlaget til den enkelte retningslinja er endra, eller om det er andre behov for oppdateringar og presiseringar. Det er ikkje lagt nokon konkret plan for oppdatering av gjeldande retningslinje, men anbefalingar knytt til etetid og skjermbruk er blant tema det vil vere relevant å sjå nærare på.

LES MEIR:

Rekordmange unge har søkt seg jobb på gård. Joni (15) byttet ut Oslo-sommer med egg og luking

Teolog Gyrid Gunnes: – Jeg har aldri fått så mye hets som etter kronikken i Vårt Land

Razwan Afsar har Jesus som forbilde og vil delta på nattverd, men han er muslim