Skjermane gjer oss til dårlege lesarar
Leseforskar Anne Mangen vil ha meir papir og betre lesestrategiar i møte med digitale tekstar. Ho åtvarar no og tenkjer på framtidige generasjonar.
– Korleis vi les, blir påverka av mediet vi brukar mest – både nevropsykkologisk, kognitivt, sosialt og kulturelt, seier Anne Mangen
Kallestad, Gorm
– Vi fann signifikant skilnad i favør av papiret. Lesing på skjerm gjer at vi mister det som leseforskar Maryanne Wolf kallar kognitivt tolmod, seier Mangen.
Mangen leiar det europeiske forskarnettverket E-READ. Dei urovekkande funna kjem frå ein metaanalyse basert på 54 studiar som ser på skilnadane mellom lesing på skjerm og papir.
– Utfordringa er måten vi les på skjerm – ofte raskt, overflatisk og skannande. Dette gjer noko med vår mentale innstilling til å lese, også på papir. Det blir spesielt tyngre og vanskelegare for oss å lese lange, komplekse tekstar og oppnå det som heiter deep reading, som krev tolmod, djupare forståing og refleksjon.
Bestill abonnement her
KJØP