Kultur

Seksualrådgjevar: – Å plystre etter jenter er seksuell vald

Gutar får høyre mykje om kva som er feil med dei for tida. Difor har Inti Chavez Perez skrive ei eiga bok om sex for dei.

– Eg blir kontakta av pensjonerte kvinner som kjenner seg att frå den gongen dei gjekk på skulen sjølv, seier Perez.

Boka dei pensjonerte kvinnene har lese, heiter Respekt – en sexbok för killar. Den kom ut i Sverige i 2010. Sju år seinare gjorde metoo boka brennaktuell. No er ho omsett til fleire språk og 15 land har sikra seg rettane til å gje ho ut.

– Menn har hatt meir makt enn kvinner i fleire tusen år, noko som har gjort kvinnekroppen til ei handelsvare. Skulda og skamma har vi lagt på kvinnene, og såleis har dei tapt på å seie i frå. Dette endra seg med metoo-rørsla og kvinnene som sa ifrå om kva som skjer.

Krenkjande

I byrjinga av mars vitna fleire norske ungdommar om krenkjande merknadar og handlingar og etterlyste eit metoo-oppgjer i skulen. Ungdomsskuleelevar ved Øraker skole fortalde til Vårt Land at grov og seksualisert språkbruk er daglegdags for tida, «vi høyrer desse orda så ofte at vi tek dei ikkje på alvor», sa Oda Kraft-Pettersen.

LES OGSÅ: Ungdom etterlyser flørtekurs

– Både gutar og jenter får ei aha-oppleving når dei skjønar kor alvorleg ein krenkjande sjargong basert på kjønn er, seier Perez.

Forfattaren jobbar til dagleg som seksualrådgjevar og har snakka med ungdom om sex i fleire år og kjenner godt til korleis gutar kan vere i denne alderen. Han meiner at tilnærmingane, som gjerne blir bortforklart som skjemt, er svært alvorlege.

– Når ein gut plystrar på ei jente framføre kompisane sine, er det ikkje for å ha ein positiv relasjon med ho. Målet er heller å vise seg som ein mandig og heteroseksuell person for dei andre gutane. Dette meiner eg er ei form for seksuell vald.

Guterolla

I Dagbladets melding av boka til Perez, viser meldar, Marius Wulfsberg, til boka han sjølv fekk av mora då han kom i puberteten. Den gong var det eit meir harmonisk kjønnsbilde: «Boka var skrevet for både gutter og jenter, og sex var en felles kilde til glede og nytelse».

– Kvifor treng gutar ei eiga bok om sex?

– Frå mitt perspektiv er det gutane som kan gjere noko for å hindre seksuell vald. Vi har ein respektlaus kultur mot kvinner, seier Perez.

– På vaskesetelen står det at boka handlar om guterolla. Kvifor skal ungdom vere medvitne om kjønnsrolla si?

– Guterolla er ikkje god. Den seier at det finst grenser for kven du skal vere. Du kan berre drive med visse typar sportar, ha visse frisyrar og klede, og rørslene dine må ikkje skilje seg ut. Problemet er at du skal utvikle deg til å bli vaksen når du er tenåring. Då er det viktig at du testar ting, viss ikkje blir du ikkje eit fritt og vakse individ.

Løysinga

Kuren mot tusenvis av år med skeivt maktforhold er i følgje forfattaren å få gutane til å forstå kva dei eigentleg vil ha.

– Gutar vil jo eigentleg ha meiningsfulle relasjonar til kvinner. Difor vil eg inspirere ungdom til å møte kvarandre som likeverdige. Det er eit godt utgangspunkt for romantiske relasjonar som kan utvikle seg til kjærleik.

Sjølv om Perez har mykje vondt å seie om tida vår og guterolla, er det ikkje peikefingeren som dominerer når han kommuniserer med ungdom.

– Boka står på gutane si side og handlar meir om kva ein kan gjere, enn kva ein ikkje skal gjere.

Svenske gutar har hatt moglegheit til å lese boka sidan 2010. No kjem vaksne menn og fortel kva boka har hatt å seie for dei.

– Fleire menn har kome til meg og sagt at boka har vore viktig i arbeidet med å bli vaksen.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur