Seksualrådgjevar: – Å plystre etter jenter er seksuell vald
Gutar får høyre mykje om kva som er feil med dei for tida. Difor har Inti Chavez Perez skrive ei eiga bok om sex for dei.
– Eg håper boka kan vere ein samtalepartnar for gutar gjennom heile puberteten, seier Inti Chavez Perez.
Gyldendal norsk forlag / Anna Svanberg
– Eg blir kontakta av pensjonerte kvinner som kjenner seg att frå den gongen dei gjekk på skulen sjølv, seier Perez.
Boka dei pensjonerte kvinnene har lese, heiter Respekt – en sexbok för killar. Den komut i Sverige i 2010. Sju år seinare gjorde metoo boka brennaktuell. No er ho omsett til fleire språk og 15 land har sikra seg rettane til å gje ho ut.
– Menn har hatt meir makt enn kvinner i fleire tusen år, noko som har gjort kvinnekroppen til ei handelsvare. Skulda og skamma har vi lagt på kvinnene, og såleis har dei tapt på å seie i frå. Dette endra seg med metoo-rørsla og kvinnene som sa ifrå om kva som skjer.
Bestill abonnement her
KJØP