Satsar friskt på C.S. Lewis
JUBILEUM: 125 år sidan C.S. Lewis’ fødsel er den britiske forfattaren og litteraturvitaren framleis i vinden. Ei bok om Salmane i Bibelen er ute denne veka, og snart kjem også science fiction-trilogien hans på norsk – omtalt som «Narnia for vaksne, på høggir».
ALLSIDIG FORFATTAR: C.S. Lewis (1898-1963) er for mange mest kjent for barnebøkene om Narnia, men hadde eit allsidig forfattarskap som blant anna inkluderer teologi, litteraturvitskap og science fiction. I 2023 er det 125 år sidan Lewis blei fødd, og seksti år sidan han døydde.
Wikimedia Commons
I år og neste år kjem det ut ei rekke bøker av C.S. Lewis som ikkje tidlegare er komne på norsk. Arven etter Lewis er også hovudtema på Veritaskonferansen som blir arrangert av Bibelskolen i Grimstad, Laget (NKSS) og NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i haust.
125 år etter at den britiske forfattaren blei fødd, og seksti år etter at han døydde, er med andre ord arven han høgst levande.
For det breie lag av folket er C.S. Lewis (1898–1963) best kjend som forfattaren av Legenden om Narnia, fantasy-serien om det magiske landet der barn frå vår verd kan hamne om dei til dømes går gjennom eit klesskap. I Narnia møter barna både vonde krefter, som Heksa Hvit, og gode krefter, som løva Aslan – ein allegori på Jesus Kristus.