Satsar aktivt på andaktsbøker

BOKBRANSJEN: Dei kristne forlaga har framleis tru på andaktslitteraturen. – Vi satsar aktivt, seier forlagssjef Ketil Jensen i Lunde forlag.

Ketil Jensen, Lunde forlag.
SATSAR: Forlagssjef Ketil Jensen i Lunde forlag er blant dei som framleis gir ut nye andaktsbøker. – Andaktsbøkene er viktige for oss, seier han.
Publisert Sist oppdatert

Andaktslitteraturen har historisk sett vore avgjerande for norsk lesekunnskap og bokinteresse. I tillegg, og ikkje minst, har andaktsbøkene vore sentrale kjelder til åndeleg påfyll for fleire generasjonar kristne. Sjølv om salstala på nye andaktsbøker ikkje kan måle seg mot klassikarar som Fredrik Wisløffs Hvil dere litt (1938), som er seld i oppunder 200.000 eksemplar, satsar dei kristne forlaga framleis på å gi ut nye titlar.

– Vi satsar aktivt på andaktsbøker. I tillegg til dei vi har, lagar vi to, tre nye kvart år, seier forlagssjef Ketil Jensen i Lunde forlag.

Andaktslitteraturen står for rundt ein tiandedel av totalsalet til det kristne forlaget som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP