Kultur

Har lese andaktsbøker heile livet

LITTERATUR: Andaktsbøkene er den viktigaste litteraturen i norsk historie, meiner litteraturvitar Trygve Riiser Gundersen. Eli og Bjørn A. Wegge er blant dei som framleis prioriterer si daglege andaktsbokstund.

Heime hos Eli og Bjørn A. Wegge på Ljan i Oslo set andaktsbøkene preg på kvardagen. Begge har lese andaktsbøker sidan dei var små og foreldra las høgt for dei. Sjølv har dei lese for sine eigne barn, som for lengst er flytta ut.

Men andaktsbøker les dei framleis, og har ingen planar om å slutte med det.

– Andaktsbøker er tilføring av næring. Dei er dagleg brød, seier Eli Wegge.

Mannen hennar er samd i det. Han er opptatt av at dei ikkje må bli framstilte som altfor «fromme», men synest andaktsbøkene skaper ein god rytme i kvardagen.

– Vi er døme på eit eldre ektepar som har brukt andaktsboktradisjonen i alle år, erkjenner han.

For tida les dei regelmessig i Eyvind Skeies Det er lys der jeg går, som er bygd opp kring Skeies utvalde salmar og dikt gjennom femti år (1972­–2021). Dei trekkjer også fram Wilfrid Stinissens This is day the Lord has made, som dei les på engelsk. Då dei sjølv hadde barn i hus, las dei mykje frå familieandaktsboka Det største. Somme av tekstane frå denne er framleis i bruk når barnebarna kjem på besøk.

– Eg har sjølv mest sans for korte, pregnante andaktar der andaktsskribenten brukar seg sjølv, har blikk for samfunnet og er bibelfokusert. Eyvind Skeies bok klarer dette. Det same gjer Geir Gundersens God morgon, seier Bjørn A. Wegge, som mange truleg vil hugse som generalsekretær i Stefanusalliansen i mange år.

Reportasje om andaktslitteratur. Heime hjå Eli og Bjørn A. Wegge.

Pensjonistparet er samde om at Jesus Kristus må vere til stades i ei god andaktsbok. Samtidig må heller ikkje heile boka bli verande i «den andre trusartikkelen». Dei ønsker ikkje å snakke ned eldre andaktsbøker, men peiker på at somme kan vere for eindimensjonale i stilen.

– Ei god andaktsbok må ha ein klangbotn av samtale med lesarane, meiner dei.

Gamle og djupe røter

Andaktslitteraturen har røter langt tilbake i tid. Historisk spring han ut av den såkalla hagiografien, forteljingar om heilage kvinner og menn. Desse blei viktige i den kristne kyrkja dei første hundreåra etter Kristus.

Den åndelege, oppbyggelege lesinga som gjekk føre seg i dei kristne klostera, fekk i seinmellomalderen følgje av fromme lekmenn si lesing utanfor klostermurane. Boktrykkarkunsten, som blei utvikla av Gutenberg på 1400-talet, gjorde det også mogleg å spreie åndelege skrifter til fleire.

Blant dei viktigaste skriftene var Luthers vesle katekisme, der reformatoren Martin Luther samla alt ein trong å vite og gjere «for å bli salig». Gjennom tidene blei boka brukt til utanåtlæring og pugg. Professor emeritus i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo, Jon Haarberg, som i fjor gav ut Historien om Norges viktigste bok, meiner dette skapte «meir uvilje enn gode kristne».

– Mindre dogmatisk andaktslitteratur har hatt mykje større verknad når det gjeld å skape religiøsitet og tru i befolkninga, meiner han.

At Luthers vesle katekisme var ei andaktsbok like mykje som ei lærebok, meiner også teolog Per Kristian Aschim, førsteamanuensis ved MF vitskapleg høgskule.

– Boka hadde enkle liturgiar for morgon- og aftanbøn og bordbøn. Ho var derfor til bruk i husandakta, seier han.

Aschim reknar også salmebøkene med til andaktslitteraturen. I dansk-norsk samanheng kjem dei første salmebøkene på 1500-talet, og blir etter kvart folkelesnad.

– Mykje andaktslitteratur vil ein elles forbinde med 1600-talet. Då skreiv mange prestar katekismeforklaringar, preikesamlingar, bønebøker og andre typar andaktsbøker. Der har du heile vifta av sjangrar, seier Aschim.

Reportasje om andaktslitteratur. Heime hjå Eli og Bjørn A. Wegge.

Den viktigaste litteraturen

Frå starten av 1600-talet har vi blant anna tyskaren Johann Arndts Om den sanne kristendom, som framleis er å finne i bokhandelen i dag. Arndt smelta luthersk teologi saman med mellomaldermystikk, og bøkene hans blei eit halvt hundreår seinare også omfamna av grunnleggaren av pietismen, Philip Jacob Spener. Knytt til denne tida er også den tyske andaktsbokforfattaren Christian Scriver, kjent mellom anna for boka Sjeleskatt, som var med på å bane vegen for pietismen.

Også i Noreg spelar andaktslitteraturen ei viktig historisk rolle. På eit tidspunkt var dette så godt som den einaste litteraturen folk leste.

– Andaktslitteraturen skapte lesarar av det norske folket, seier Haarberg.

Den religiøse lesinga kom i starten på statleg initiativ, men etter kvart las folk også bøker dei likte sjølve. Andaktsbøker heilt tilbake frå 1400-talet, som Thomas a Kempis’ Om Kristi etterfølgelse, blei lesne også her til lands. Samtidig førte pietismen på 1700-talet til ein eksplosjon av bøker innan andaktslitteraturen, med vekt på sjølvgransking, intimitet og truserfaring.

– Andaktslitteraturen er historisk sett den viktigaste litteraturen i Noreg. Han er ein grunnsjanger i norsk litterært liv, og meir mangfaldig enn ein skulle tru, seier forlagsredaktør og litteraturvitar Trygve Riiser Gundersen, som i fjor kom ut med sakprosaboka Haugianerne.

Haugianerne. Enevelde og undergrunn av Trygve Riiser Gundersen om Hans Nielsen Hauge.

Ukjente bestseljarar

Frå 1700-talet trekker litteraturvitaren fram «ukjente bestseljarar» som Hans Jacobsen Hvalsøes De Bedendis aandelige Kiæde (1700) og Johan Hanssøn Heitmans bønebok for sjømenn, Besværede Søe-Mænds søde Siæle-Roe, eller Aandelig Lyst-Hauge (1730).

– På 1800-talet kom det ein ny eksplosjon, med eit nytt sett av bestseljarar. Framleis var andaktsbøkene reiskap for korleis ein skulle tenke på seg sjølv som truande, seier Riiser Gundersen.

Opprettinga av Andaktsbokforlaget i 1820 er ein del av eksplosjonen – noverande Verbum forlag, som dermed er det eldste forlaget i Noreg. Ein sentral del av forlagsdrifta var frå starten av å gi ut andaktslitteratur.

Andaktslitteraturen er historisk sett den viktigaste litteraturen i Noreg

—  Trygve Riiser Gundersen

Massiv rolle blir oversett

På 1800-talet ser vi også starten på dei norske misjonsorganisasjonane. Med veksten av eit sjølvstendig, radikalt lekfolk kom også ein stor opplagsvekst innan andaktsboksjangeren – ein vekst som held seg langt innover på 1900-talet. I 1938 kjem til dømes ein klassikar som Fredrik Wisløffs Hvil dere litt (originalt Hvil eder litt) – ei bok som i dag har komme ut i 37 opplag og er seld i oppunder 200.000 eksemplar.

Andaktsbøker har med andre ord spela ei massiv rolle i norsk bokhistorie. Det blir ikkje alltid tydeleg når ein snakkar om dei viktigaste norske bøkene gjennom tidene.

– Både litterært og historisk er andaktslitteraturen blitt oversett, seier Trygve Riiser Gundersen.

Også Per Kristian Aschim skulle gjerne sett meir forsking på andaktslitteratur i Noreg.

– Han er svært viktig historisk sett, sjølv om han er ein liten del av bokmarknaden i dag, seier teologen.

Riiser Gundersen seier at han ikkje er ekspert på moderne andaktslitteratur – trass i at far Geir Gundersen er aktuell med ei av bøkene i Vårt Lands andaktsbokrigg. Likevel har han ein observasjon om utviklinga i bokmarknaden:

– Mykje av sjølvhjelpslitteraturen fungerer i dag på same måten som andaktslitteraturen gjorde før. Det handlar om å ta tak i sitt eige liv. Å lese på denne måten blir ofte rakka ned på, men eg trur det er ein grunnleggande impuls.

Mykje av sjølvhjelpslitteraturen fungerer i dag på same måten som andaktslitteraturen gjorde før

—  Trygve Riiser Gundersen

– Som å legge hjartet sitt på eit fat

Heidi Gellein er ei anna av andaktsbokforfattarane i Vårt Lands rigg. Ho er dessutan snart klar med ei ny bok, Modig tro, som går i trykken i mai.

– Eg brukar sjølv andaktsbøker kvar dag. Andaktar er med på å gjere Bibelen meir tilgjengeleg. Det er viktig at dei rommar både bibel og kvardag, seier Gellein.

Som andaktsbokforfattar legg ho vekt på at andaktane skal vere lette å lese. Men det kostar henne å gi dei ut.

– Eg deler mykje av livet mitt. Det er som å legge hjartet sitt på eit fat. Men eg opplever at Gud kan bruke det vesle eg sit og skriv ved kjøkkenbordet mitt, seier ho.

Andaktsbokforfatter Heidi Gellein

Vi er tilbake på Ljan med Eli og Bjørn Wegge. Dei les andaktslitteratur som ein viktig del av truspraksisen i heimen. Som regel sit ekteparet ved kjøkkenbordet når dei les. Det kjennest som ein god start på dagen, samtidig som dei er vel vitande om morgonstresset til dømes hos familiar med småbarn i hus.

Andaktsbøker er tilføring av næring. Dei er dagleg brød

—  Eli Wegge

– Då vi hadde små barn, var det slett ikkje alltid tida strekte til for å lese om morgonen. Men kjøkkenet er ein god andaktsbokplass. No begynner vi dagen slik. Andaktsboka er ein del av kosthaldet: litt for magen, litt for hovudet og litt for ånda, seier Eli og Bjørn Wegge.

---

Andaktslitteratur

  • Andaktslitteraturen har røter tilbake til hagiografien i seinantikken; forteljingar om heilage kvinner og menn.
  • Historisk sett spelar andaktsbøkene ei svært viktig rolle i norsk og internasjonal litteraturhistorie. Det var desse bøkene som skapte lesarar av det norske folket.
  • Både litterært og historisk er andaktslitteraturen blitt oversett, meiner ekspertar.
  • Les meldingar av åtte andaktsbøker her

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur