– Vi har fulle hus. Det er utruleg etter så mange år

OLAVSFEST: Blues og orgelmusikk med Knut Reiersrud og Iver Kleive var den konserten som vart kjappast utseld før Olavsfest i Trondheim. Her presenterer dei sitt nye album.

NYINNSPELING: «Vidunderligst av alt» heiter det nye albumet som er spelt inn i Nidarosdomen. Konserten dei speler her under Olavsfest er utseld.
Publisert Sist oppdatert

Gitarblues og klassisk orgelmusikk. Kanskje dei største motpolane blant musikksjangrar. Men duoen Knut Reiersrud og Iver Kleive har klart det. 

Tysdag 29. juli speler dei utseld konsert i Nidarosdomen under Olavsfest. Der presenterer dei sitt nye album «Vidunderligst av alt», det første dei har spelt inn i ein norsk kyrkje.

– Dette er første albuminnspelinga vi har gjort saman i Noreg. Vi har måtta reise til Danmark i over 30 år for å finne både akustikk, orgel og tillatingar. Men no opna dørene seg her heime, seier organisten i duoen, Iver Kleive.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP