Prisen som lyg

Kven vil i grunnen ta imot prisen som Årets drittsekk?

– Vi kan bruke Peer Gynt til å snakke om døden, skriv kommentatoren. Her: Svein Tindberg i rolla som Knappestøyparen, Birgitte Victoria Svendsen som Mor Åse og Mads Ousdal som Peer Gynt.
Publisert Sist oppdatert

I 1971 vart Einar Gerhardsen den første vinnaren av prisen Årets Peer Gynt. Den blir gitt til «en person eller institusjon som har markert seg på en positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norges navn kjent i utlandet».

Mange kjende menn og kvinner og institusjonar er blitt æra. I morgon kjem ekteparet May-Britt og Edvard Moser til Gålåvatnet i Gudbrandsdalen. Då skal dei få overrekt prisen for 2015 av stortingsrepresentant Marit Arnstad.

Eg unner ekteparet Moser alle prisane dei har fått, ikkje minst Nobelprisen. Då dei i mars fekk vite om Årets Peer Gynt, kalla dei det ærefullt: «Og vi synest det passer godt siden vi har like store drømmer og visjoner som Peer Gynt hadde. Men vi håper det er tydelig at vi er hakket mer jordnære og realistiske».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS