Kultur

Politikarane vil halde på (K)RLE-faget

Det er brei semje om at religion og livssyn høyrer heime på timeplanen blant politikarane. Men den berømte K-en blir dei ikkje samde om.

– Alle barn må ha tryggleik i si eiga tru. Viss ein er komfortabel med sin eigen religion, viser ein automatisk respekt for andre som trur, seier SV-politikar Mona Fagerås.

Tanken om at kjennskap til si eiga og andre si tru legg til rette for toleranse i klasserommet, står sterkt i dagens politiske landskap. Medan religionshistorikar Torkel Brekke og sosiolog Gunnar Aakvaag argumenterer for å prioritere andre ting enn religion i skulen, seier politikarane Vårt Land har snakka med, det stikk motsette.

LES OGSÅ: Religionshistorikar meiner elevane klarar seg utan KRLE-faget

– KRLE-faget er viktig. Faget tek føre seg etiske og moralske problemstillingar som er viktige både her og no og framover, seier Torstein Tvedt Solberg i Arbeidarpartiet.

Sekularisering

Norge er eit av verdas mest sekulære land. Mathilde Tybring-Gjedde i Høgre meiner dette ikkje gjer faget mindre aktuelt.

– Å tru at eit sekulært og mangfaldig samfunn krev mindre grad av tradisjonar og normer, er ei feilslutning. Det er snarare tvert om. Når vi ikkje lenger feirar dei same høgtidene, er det viktig at skulen vidarefører det som har prega og framleis pregar oss, seier Tybring-Gjedde.

Tybring-Gjedde meiner også at faget er viktig for å gje elevane nasjonal identitet.

– No for tida er vi uroa for aukande polarisering mellom folk. Motgifta mot dette er å vere rotfesta. Vi har ei plikt når det kjem til å vidareføre ein nasjonal identitet, og det går ikkje imot prinsippet om å vere tolerante. Det handlar om å lære kvarandre å kjenne og forstå kven ein er i ei lang historie. Dette er eit viktig oppdrag for KRLE-faget.

Leiar for Unge Venstre, Sondre Hansmark, tykkjer ikkje KRLE-faget skal ha noko med nasjonal identitet å gjere.

– Eg er ikkje einig med Tybring-Gjedde. Det er ikkje skulen si oppgåve vekkje nasjonalfølelse. Ein skal lære om ytringsfridom, likeverd og toleranse, men å blande inn nasjonalisme i KRLE er ein dårleg idé. Skulen kan ikkje definere kva som er eit godt liv eller korleis ein nasjonal identitet skal sjå ut, seier Hansmark.

Mindre kristendom

Hansmark trur toleransen vil få betre vilkår om ein tek vekk K-en i namnet på faget.

– Vi vil fjerne K-en, og det særskilde fokuset på kristendom i faget. Det er ei favorisering av ein type religion vi tykkjer blir feil. Å forstå kva drivkrefter som verker i det multikulturelle samfunnet er viktigare enn å vere stolt av kristendomen. Vårt mål er å ha ein sekulær stat som ikkje favoriserer ein type religion i skulen, seier Hansmark.

Også AP og SV tek argumenterer for å ta vekk K-en.

– Vi ønskjer ei jamnare fordeling mellom det ein lærer i faget. Eg trur faget hadde lagt betre til rette for toleranse om vi tok K-en vekk frå namnet. No skal 50 prosent av faget vere kristendom, det legg ikkje til rette for ei mangfaldig undervising, seier Tvedt Solberg.

I tidlegare Vårt Land-saker har Torkel Brekke og Gunnar Aakvaag ytra at det finst viktigare ting å bruke tida på i skulen enn religion. Fagerås vil ikkje vere med på å vurdere kva fag som er viktigast.

– Eg vil ikkje vere med på å sette fag opp mot kvarandre. Skal ein ha respekt for ulik tru, må ein lære om religionane. Difor meiner SV at RLE-faget har ein plass i skulen. Vi ønskjer å ta vekk K-en i namnet, seier Fagerås.

Medan dei fleste partia argumenterer for eller imot K-en, finn ein det spenstigaste forslaget på nettsidene til MDG: "Vi vil erstatte KRLE med FRED, (filosofi, religion, etikk, dialog) som et inkluderende og mangfoldig religions- og livssynsfag i norsk skole". Den påfalande nedtoninga av kristendomen, gjer at dei stiller seg med partia Venstre, SV, AP og Rødt om å fjerne K-en.

LES OGSÅ: Elevar etterspør nyansert undervising om religion

Elles einige

K-en skapar altså framleis debatt. Utover det fann ikkje Vårt Land nokre politikarar som støttar forslaget til Gunnar Aakvaag og Torkel Brekke om å fjerne religionsfaget frå skulen.

– Eg har jobba som lærar og rektor i 17 år og er ikkje i tvil om at det er viktig å vise elevane at kristendomen har vore viktig for Norge. I dag sit det elevar med forskjellige religionar i nesten alle klasserom, og det må vi ha respekt for. Difor vil vi ha ei undervising som reflekterer korleis samfunnet har blitt, seier Fagerås.

Hansmark trur kunnskap om religion er viktig å ha for å forstå seg på både lokalmiljøet og statspolitikk.

– I statsvitskap snakkar ein om «The return of religion» i politikken. Det er viktigare enn på lenge å forstå drivkreftene som ligg bak konflikt og terror. No som vi er eit multikulturelt samfunn er det viktig å forstå kvarandre, seier Hansmark.

Politisk kompromiss

Statsvitar og valforskar, Bernt Aardal, trur auka innvandring har gjort politikarar meir opptekne av religion enn før.

– Kultur og tradisjon står sterkt hjå mange innvandrarar som kjem til Norge. Difor oppstår det gjerne ei motvekt mot det framandkulturelle som inneber at folk som ikkje ser på seg sjølv som spesielt truande, vil verne om den norske kristendomen, seier Aardal.

Samstundes trur Aardal politikarane trør varsamt kring KRLE-faget av taktiske årsakar.

– Å ta stilling til KRLE-faget er nok ei pliktøving for mange av politikarane. Dei er nok redde for å støyte frå seg allierte. Viss til dømes nokre av regjeringspartia køyrer hardt på med sekulariserte saker, står dei i fare for å miste KRF.

– I ei rekkje land ser ein at statsapparatet vender seg i ei religiøs og konservativ retning for tida. Trur du noko liknande kan skje i Norge?

– Ein skal vere varsam med å spå framtida. Det religiøse engasjementet som innvandrarar med meir konservativ teologi representerer, kan by på gnissing mellom dei og det sekulære Norge. Då gjeld det å finne politiske kompromiss, og det er norsk politikk godt eigna til å gjere.

LES OGSÅ: KRLE gjer elevane etiske nøklar

Målet

Professor i religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø, Bengt Ove Andreassen, tykkjer politikarane har store forventningar som ikkje lar seg verifisere.

– Kommentarane til SVs Fagerås er overraskande. Det er ikkje automatisk slik at elevane blir meir tolerante av å lære om islam, buddhisme eller andre religionar. Her har nok politikarane litt for stor tiltru til faget. Målet med faget er å gje elevane visse verdiar, og det er vanskeleg å måle kor vellukka det er. Samstundes er det viktig at vi har eit fag med slike målsettingar, seier Andreassen.

Å styrke identiteten til elevane er i følgje Andreassen ei målsetting som ikkje eksisterer lenger.

– Poenget med KRLE-faget i skulen er ikkje å bekrefte den religiøse identiteten til elevane. Den målsettinga forsvann ved inngangen til 2000-talet. I dag handlar undervisinga i KRLE om ei positiv vurdering av kunnskap og at kunnskap om ein sjølv og andre kan legge til rette for dialog, forståing og undring.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur