Onkel Skrues julebodskap

Disney-karakteren onkel Skrue McDuck er 70 år denne jula. Og det er i jula hans dickenske opphav blir mest synleg.

Vi møter onkel Skrue første gong i ei julehistorie frå 1947, slik som dette: gamal og hatsk, som sitt forbilde: Dickens Ebenezer Scrooge.
Vi møter onkel Skrue første gong i ei julehistorie frå 1947, slik som dette: gamal og hatsk, som sitt forbilde: Dickens Ebenezer Scrooge.
I jubileumsutgåva frå Egmont denne jula, drar onkel Skrue igjen til Bjørnefjell, der julas ånd får Skrue til å sjå seg sjølv i spegelen.
I jubileumsutgåva frå Egmont denne jula, drar onkel Skrue igjen til Bjørnefjell, der julas ånd får Skrue til å sjå seg sjølv i spegelen.
I «Jul i Pengelens» skildrar Carl Barks fattige barn som ikkje har råd til å feire jul.
I «Jul i Pengelens» skildrar Carl Barks fattige barn som ikkje har råd til å feire jul.
Publisert Sist oppdatert

I år er det 70 år sidan onkel Skrue dukka opp i Andeby og Donald-universet for første gong. Og sjølv om Skrue kan vere både varmhjarta og eventyrlysten, er han, ikkje minst ved juletider, lik sitt opphav: den gamle, gjerrige arbeidsgivaren Ebenezer Scrooge i Dickens juleforteljing frå 1843 – som skal minne oss alle om kva som betyr noko i jula.

Jula 1947

Det er i Carl Barks-historia «Jul i Bjørnefjell» frå 1947 at vi møter Skrue første gong. Donald og nevøane har som vanleg ikkje råd til å feire jul med gåver og god mat, og Barks kjem på at Donald kan ha ein søkkrik og skikkeleg gnien onkel som til slutt sørgjer for at det blir julefeiring på den fine hytta si. Men sjølvsagt ikkje gratis! Først vil han kle seg ut som ein bjørn, skremme dei og more seg på deira kostnad. Han får same namn som Dickens antihelt: Scrooge – eller Skrue, på norsk.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS