Verdidebatt

NRKs dialogprosjekt møter kritikk

På internett rasar debattane ustoppeleg. NRK vil bringe den oppheita debatten tilbake til den verkelege verda, men får kritikk frå Sumaya Jirde Ali for overdriven tru på dialog.

Bilde 1 av 2
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– Vi vart litt tekne på senga då fleire enn 1.000 personar melde seg på, seier Anne Karin Pessl-Kleiven, redaktør for NRK Østlandssendingen.

Prosjektet heiter Hele Norge snakker, og er eit samarbeid mellom NRK, Morgenbladet og Dagens Næringsliv. Ideen har dei fått frå eit liknande prosjekt i Tyskland.

– Deltakarane vi har snakka med, seier at dei har klare tankar om korleis meiningsmotstandaren ser ut. Vi håpar prosjektet kan by på nokre overraskingar og redusere fordomar, seier Pessl-Kleiven.

Deltakarane har dei funne ved hjelp av eit spørjeskjema.

– Spørsmåla tek for seg tema som engasjerer, som for eksempel ulv, feminisme, oljeboring og innvandring. Ved hjelp av ein algoritme blir ein knytt opp mot ein person som har heilt andre meiningar enn deg.

LES OGSÅ: Kvar fjerde LHBT-person er blitt råka av hatefulle ytringar

Møter kritikk

Sumaya Jirde Ali meiner prosjektet overdriv trua på at dialog kan endre folk som tyr til uakseptabel retorikk.

– Dette ønsket om å imøtegå netthetsarar for å forstå kva som driv dei, er veldig typisk. NRK spurde om eg ville vere med i Hele Norge snakker som ei kritisk røyst. Eg blei forbanna. Å få offeret til å snakke om det dei har opplevd, er ein kommersiell trend som eg tykkjer er uverdig. Det er naivt og frekt, seier Ali.

Ho kritiserte prosjekt først i eit Facebook-innlegg, og tok utgangspunkt i følgjande ordlyd i NRK-saka: «Tanken bak var å se hva som skjer med hatefulle ytringer, drapstrusler og hets når folk møtes fysisk, i stedet for å hamre løs på tastaturet bak en skjerm».

Pessl-Kleiven meiner at Ali misforstår prosjektet, og peikar på at det er deira eigen feil.

– Eg skjønar at ho misforstod. Vi inviterer ikkje til å kome med hatefulle ytringar. Vi vil invitere folk som saknar ein sakleg debatt på nettet til å møte likesinna med ulike meiningar.

No har NRK endra ordlyden på nettsida til dei skal sjå kva som skjer med «den harde tonen i samfunnsdebatten», noko Ali er nøgd med.

– Dette kan eg stille meg bak. Det var dette som sto i den originale tyske artikkelen. Det er viktig at folk med ulike meiningar treffest, seier ho.

– Er det interessant for deg å bidra i programmet no?

– Eg er framleis ikkje interessert i å delta. Det verkar ikkje så gjennomtenkt, rett og slett. Men det er bra at dei tek sjølvkritikk og innser at dei gjorde ein feil.

Har trua

Å møte eit ansikt er konfliktdempande. Du får sjå at motparten er meir enn eit standpunkt, og moglegheit til å forstå tankegangen til motparten, seier Lars Laird Iversen, religionssosiolog ved MF vitenskapelige høyskole.

Han har blant anna skrive boka Uenighetsfellesskap, som er kritisk til at fellesskap må kvile på felles verdiar. Laird Iversen har ikkje trua på at deltakarane kjem til å endre meiningane sine, men meiner prosjektet har noko føre seg likevel.

– Det beste hadde vore om dei fann folk med halvforma meiningar. Då er det mogleg at folk endrar meininga si. Folk som har investert mykje i eit standpunkt, skiftar sjeldan side. Det som er bra med programmet, er at ein blir kjent med den andre personen og kvar han kjem frå. Det trur eg er nyttig å vite. Korleis kan eit oppegåande menneske ha eit så annleis standpunkt? Den innsikta kan gjere noko med tonen i debatten.

LES OGSÅ: Motarbeider hat ved å la pastorar og LHBT-personar møtast ansikt til ansikt

Ikkje jakt på tal

No jobbar NRK med å finne deltakarar som skal vere med på eit direktesendt radioprogram på P1.

Førebels er det snakk om eit prøveprosjekt.

– Blir dette vellukka ser vi på moglegheitene for å løfte det inn i andre konsept. Dette er eit innhaldsprosjekt og forsøk på demokratisering. Å jakte tal er ikkje målet her, seier Anne Karin Pessl-Kleiven.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt