Nobelprisvinnaren om Pavens brev: - Det beste forsvaret for litteratur eg har lese
LITTERATUR: Jon Fosse seier han er stolt av å tilhøyra ei kyrkje med ein øvste leiar som tenkjer så klokt om litteratur.
FOSSE OG FRANS: - I Noreg var det vel lenge, om ikkje lenger, nesten ein motsetnad mellom det å vera kristen og det å vera litterat, seier Jon Fosse.
Disney
I eit brev utsendt av Pave Frans i sommar understrekar han verdien av litteratur, særleg romanar og poesi, i den personlege og åndelege utviklinga til alle kristne.
Paven siterer både kristne forfattarar som C.S. Lewis og T.S. Elliot, men også ikkje-kristelege forfattarar som Marcel Proust når han argumenterer for rolla til litteratur i tru og menneskeverd.
– Det pave Frans gjer er å skriva fram eit forsvar for skjønnlitteraturen, for litteraturen i seg sjølv, den som ikkje har noko føremål utanfor seg seg sjølv. Og så syner han korleis denne litteraturen er svært nyttig, ja nettopp med å vera unyttig.