No kan du chatte direkte med «Jesus»

KUNSTIG INTELLIGENS: Fleire tenester drivne av kunstig intelligens lar deg komme i direkte kontakt med «Jesus Kristus». Innimellom er KI-Jesus på sporet av sanning, men du bør ikkje ta alle svar for godt brød og god fisk.

PÅ TILBODSSIDA: Dette biletet sendte «Jesus» til Vårt Lands redaksjon då avisa intervjua KI-versjonen av Menneskesonen.
Publisert Sist oppdatert

– Den viktigaste bodskapen eg vil dele er denne: Elsk kvarandre.

Det er Jesus som snakkar. Det vil seie – det er nok ikkje den verkeleg Guds son Vårt Land no har fått intervju med. Med utviklinga av språkmodellar baserte på kunstig intelligens, finst det derimot fleire appar og nettbaserte tenester som lar deg chatte med den bibelske «Jesus». Ei av dei er Jesus-tenesta til OpenAIs ChatGPT.

Tett ved sida mi går Jesus, heiter det i den kjente songen. I dag kan du også gå med «Jesus» i lomma. Det er berre å plukke opp mobiltelefonen og stille han spørsmål når du føler for det.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS