Kultur

Når døden blir automatisert

Kva er identitet, kva er omsorg, og kva er eit liv? Dette er nokre av spørsmåla Cathrine Knudsen utforskar i sin nye roman, eit innblikk i ei nær framtid.

Bilde 1 av 2

Forfattaren Cathrine Knudsen har fleire gonger tidlegare tematisert automatisering av samfunnet i bøkene sine, der det manuelle, særleg i arbeidslivet, blir erstatta av det automatiske, og det automatiske i mange tilfelle erstattar mennesket. I hennar nye roman, Den siste hjelperen, er det livet sjølv som blir automatisert – og døden.

Her møter vi ein forteljar som er klar til å selje nyra si for å kunne jobbe mindre og vere meir saman med ungane sine, vi får innblikk i ein konstruert landsby for demente som hermar eit normalt samfunn, og korleis møtet mellom unge mannlege flyktningar og mellomaldrande norske kvinner kan tilby ein spontan menneskeleg kontakt som ikkje finst lenger i ein gjennomsystematisert kvardag. Ikkje minst får vi sjå korleis overgangen mellom livet og døden kan gjerast nesten heilt umerkeleg, både for menneske og dyr.

LES ANMELDELSE AV BOKA: Cathrine Knudsen skriver med stø hånd

Silkegeiter

Døden og dyr er noko Cathrine Knudsen har god peiling på. Ho bur på eit småbruk i Vikersund i Buskerud, med rundt eit dusin høns og for tida ti geiter – og her har det blitt fødd mange killingar i dei sju åra ho og familien har drive. Her er det Vårt Land treffer henne, når boka, hennar femte roman, er like om hjørnet. Vegen frå Oslo er isdekt og krunglete, men det er strålande sol og det heile verkar nokså idyllisk når Knudsen tar imot oss på tunet og vi går inn i eit lite hus midt mellom huset og fjøset som fungerer som skrivestove. I eitt av dei første møta med eg-personen i boka, bur ho også på gard, med mann og to barn.

– Dei driv også med geiter, men dette er ikkje heilt vanlege geiter. Dei er nemleg genmanipulerte med arvestoff frå edderkoppar, som gjer at dei produserer mjølk med silkeprotein. Dette blir nytta til å lage veldig sterke og lette material, som både kan fungere til medisinsk bruk inne i kroppen og til militært bruk, til å beskytte kroppen, fortel Knudsen.

Familien har fått i stand ein meir eller mindre suspekt avtale med forsvaret, for dette er jo ikkje lov i Noreg enno – heller ikkje i romanens notid. Vi skal nemleg lite grann fram i tid – men ikkje mykje.

– Desse silkegeitene finst jo faktisk, det er ikkje slik at eg har funne dei på – dei blir forska på i USA. Dette er ein sånn typisk ting eg har lese om som eg synest er veldig oppsiktsvekkande. Eg ventar på at det skal bli skrive om det overalt, men så skjer ikkje det.

LES OGSÅ: Ungdomsparti pressar på for dødshjelp

Tilpassa verder

Etter at mannen døyr, flyttar eg-personen og barna inn i eit nabolag prega av struktur og orden, eit nybygd byggefelt som står i sterk kontrast til livet på garden.

– Det er syntetisk, alt er nytt, det er lukka og spesialisert. Det er ikkje noka historie der frå før, og det er vanskeleg å skape si eiga, seier Knudsen.

For å ha råd til å bu slik, jobbar eg-personen som såkalla medbuar i ein konstruert og tilpassa landsby for demente. Der må ho vere fleire netter i veka, medan barna er heime aleine.

– Slike landsbyar er også noko som allereie finst – i Nederland, mellom anna – og det er visst planar om noko liknande i Noreg også.

Knudsen forklarer det som ei buform for folk som ikkje fungerer i samfunnet lenger, som skal vere trygg og avgrensa, men som simulerer eit vanleg samfunn.

– Dei som bur der, skal ha kjensla av å vere frie, sjølv om dei ikkje kan dra derifrå.

– Kva er eg-personen si rolle, kva inneber det å vere medbuar?

– Ho er tilsett der som ein miljøarbeidar som skal legge til rette, men ho fungerer også som ein slags familiemedlem.

Ho går utan uniform, og dei som bur der, er ikkje alle innforståtte med at ho får betalt for å vere der.

– Kva tenkjer du om ei slik form for omsorg?

– Eg er jo skeptisk. Det handlar om at ein kan måle omsorg, utan at det er noka form for overordna moralsk kompass som styrer handlingar og samfunnsutforming. Det er vanskeleg å nekte for at slike tilpassa verder er bra, dei som bur der, trivst jo, dei får utfalde seg. Men ein må spørje seg: Er det riktig å narre folk slik? Og er det riktig å ta dei ut av samfunnet på den måten?

Slike spesialiserte verder og simulerte røynder går att fleire stader i boka, og eit av fleire element i boka som ber i seg ei slags uro for framtida.

– Eg prøver å gripe tak i ting som allereie finst, som er peikarar, teikn på korleis utviklinga kan bli. Dette er ikkje dystopisk sci-fi. Det er eit samfunnsbilde som er ganske nært det vi har, seier Knudsen.

LES OGSÅ: Engasjert litteratur må sprenge norske rammer

Pusterom

Det blir gjentatt mange gonger i boka, nærmast messande, at livet ikkje handlar om anna enn å få gjort det ein skal til ei kvar tid for å kunne ha ein viss levestandard. Det er ikkje noko rom for å kvile, folk mistar kontakt med kjenslene sine, og for hovudpersonen blir også minna uklåre. Kva liv er det ho har levd, lever ho no?

– Det er nok ein kritikk her av at livet går for fort. Folk vil av, ut, blir desperate etter eit pusterom, seier Knudsen.

I tillegg til eit pressa arbeidsliv, er det tunge strukturar som ligg rundt heile tilværet. I boka består dei av alt frivillig arbeid knytt til ungane sine fritidssyslar til utforminga av byggefeltet dei bur i.

– Det er mønster som er veldig førande i livet deira, også den menneskelege kontakten blir så strukturert, styrt.

– Eg opplever at det er ein avstand mellom folk i boka – er det også noko her vi er i ferd med å miste i dag, kontakten med kvarandre?

– Det er i alle fall tydeleg at vi lever meir segregert enn før, det er mindre kontakt på tvers av alder for eksempel. Det er ikkje slik at eg vil tilbake, eg hadde kjent meg ufri om eg måtte ta meg av både barn og dei eldre heime, men for dei eldre var det nok betre før. Vi får ein fridom tidlegare i livet som vi no må betale for seinare med å bli ekskluderte frå samfunnet.

LES OGSÅ: Margaret Atwood kallar til handling for rettferd og miljø

Mislykka engel

Saknet etter denne menneskelege kontakten, å vere del av noko større enn fastlåste mønster, gjer at det veks fram ein frimuraraktig organisasjon som nettopp skal gi folk direkte tilgang til sterke menneskelege opplevingar: «Englene». Englane skal vere ein siste hjelpar for folk som vil reise til Sveits for å avslutte livet på ein smertefri og fredeleg måte. Dei gjer ingenting, berre er med som ein følgjesven – og som den einaste som har returbillett. Altruismens fane er høgt heva, men det er heilt tydeleg at dei får noko ut av dette sjølve.

– Kvifor ønskjer folk å vere med på dette?

– Det er ein måte å prøve å hente inn intensitet og lys i livet, ein slags sekulær religiøsitet, som gjer at dei kan klare å halde ut ein kvardag som opplevast som meiningslaus.

– Men dette fungerer ikkje for eg-personen, sjølv om ho faktisk reiser og er med når nokon avsluttar livet?

– Nei, ho får ikkje tak i dette lyset, ho er kanskje allereie for avstengd. Ho blir ein mislykka engel, og faktisk utestengd frå organisasjonen.

LES OGSÅ: Noen vil helst dø alene

Kjøtetande ideologi

I kontrast denne avstanden som ligg der mellom menneska, står eg-personen sin nærleik til dyra på garden. Dyra, ikkje minst dyr som døyr, blir skildra med eit heilt anna blikk – her kjem ho heilt nær, og det er ein intim brutalitet over mange av desse scenene. «Målet er å komme så nær som mulig å hoppe over døden og bare komme til kjøttet», seier forteljaren, «for det er det minste vi kan gjøre for dyret, å forsøke å ta vekk døden, når de egentlig aldri har livet.»

– I heile vår kjøtetande ideologi er det berre viktig å kome frå dyret til kjøtet, og å minimere den overgangen der. Det handlar jo også om effektivitet, forklarer Knudsen.

Knudsen er ikkje imot kjøtproduksjon, men det handlar om å anerkjenne dyrets liv.

– Det er noko med det å skulle gjere så lite ut av døden. Tidlegare tok menneska eit mykje større moralsk ansvar for dyra dei slakta. Det er dette misforholdet i vår tid mellom dyra vi tar livet av og kjøtet vi et, eg vil adressere. Dei færraste har i dag noko som helst forhold til utslettinga. Og det er jo det same med dronar og bombing: Det er døden som er automatisert.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur