Nyheter

Ungdomsparti pressar på for dødshjelp

Unge Venstre, Grøn Ungdom og FpU pressar på for at nordmenn skal bli herrar over eigen død. Også i Unge Høgre og AUF kjempar partilag for liberalisering.

– Det er dei unge som vil døy. Men dei veit ikkje kva dei eigentleg vil. Vi har liberale ungdomsparti som ønskjer at eutanasi skal bli lovleg, men dei utstyrer likevel vedtaka med avgrensingar, dei ønskjer dødshjelp på vilkår, noko som ikkje er særleg liberalt.

Lars Johan Materstvedt er professor i både filosofi og medisinsk etikk ved NTNU, og særs aktiv i samfunnsdebatten om eutanasi. Den medisinske selvmorderen i individualismens tid lyder tittelen på ein fersk artikkel i fagtidsskiftet Suicidologi. Han forskar mykje på problemstillingar knytt til dødshjelp, både kliniske og etiske.

Vilkår

Framstegspartiet braut for snart ti år sidan ei grense i norsk politikk. Landsmøtet i partiet gjekk våren 2009, få månader før stortingsvalet, inn for å gjere aktiv dødshjelp lovleg, på visse vilkår.

Med det blei Frp første parti som meinte at Norge burde følgje i spora til Nederland. Her blei straffelova endra slik at aktiv dødshjelp og legeassistert sjølvmord blei lovleg i 2001, på visse vilkår.

Landsmøtevedtaket til Frp blei plassert i prinsipprogrammet, ikkje arbeidsprogrammet. Men hausta likevel skarp strid. Til sist la partileiar Siv Jensen stridssaka død då valkampen starta i 2009.

LES MEIR: Han er for, frontar no SVs nei-haldning

Pådrivar

Framstegspartiets Ungdom (FpU) var ein pådrivar då Frp opna for aktiv dødshjelp, og har ved alle seinare krossvegar dytta på for at partiet framleis skal ha vedtaket i prinsipprogrammet.

«Frihet til å bestemme over eget liv betyr også at man bør sikres retten til en verdig avslutning av livet. Fremskrittspartiet vil derfor i noen situasjoner tillate aktiv dødshjelp regulert av et strengt lovverk», heiter det i prinsipprogrammet for perioden 2017-2021.

LES KOMMENTAR: Fergemannen forsvinner ikke med aktiv dødshjelp

Ja-vedtak

Ved sidan av FpU har to andre ungdomsparti vist vilje til å endre straffelova, slik at anten aktiv dødshjelp eller assistert sjølvmord kan bli lovleg i Norge – på sikt.

Rett før jul fatta landsmøtet til Grøn Ungdom, som samlar dei unge i Miljøpartiet Dei Grøne, dette vedtaket:

«Det bør utredes å tillate eutanasi og legeassistert dødshjelp i Norge. Ikke på grunn av en skråsikkerhet om at det er riktig å legalisere dette, men fordi debatten om aktiv dødshjelp bør være mest mulig kunnskapsbasert. En slik utredning skal balansere mellom enkeltmenneskets rett til å bestemme over slutt på eget liv, og hensynet til å beskytte enkeltmennesker mot utilbørlig press fra omgivelsene.»

Dødsdose

Unge Venstre pressar på for å gjere assistert sjølvmord lovleg:

«Vil åpne for assistert selvmord. Alle mennesker har rett til verdighet, også ved livets slutt. Leger bør kunne utstyre pasienter med en dødbringende dose medisin som pasienten kan innta for å avslutte sitt eget liv. Leger skal ikke pålegges slike oppgaver mot sin vilje.»

– No som KrF har stilt seg på sidelina, er det eit ypparleg høve for dei borgarlege partia for å få fart på saker som vi er samde om, og der KrF tidlegare­ har vore ein bremsekloss, sa Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark til Vårt Land i desember.

LES MEIR: Spår at aktiv dødshjelp blir lovlig innen ti år

Seier ja

Bak FpU, Grøn Ungdom og Unge Venstre ser ein fleire lokallag og fylkeslag i Norges to største parti som også vil fjerne hinder i straffelova.

Troms AUF og Østfold AUF vedtok på årsmøtet i fjor at dei er for aktiv dødshjelp i Norge. Også Arbeidarpartiets ungdomsparti i Fredrikstad og Moss ivrar for liberalisering og gjorde positive dødshjelp-vedtak i fjor.

Positive

I heimfylket til helseminister Bent Høie (H), som er ein tydeleg motstandar av eutanasi, talar ungdomspartiet statsråden midt i mot.

Rogaland Unge Høyre forkynte i mars i fjor, i eit innlegg på eiga Facebook-side, kvar dei står:

«I dag vedtar vi ny politikk! Rogaland Unge Høyre er positive til en innføring av aktiv dødshjelp, men anerkjenner at det er en utrolig vanskelig sak som må opp til vurdering. Helsepersonell må ha god kompetanse på møtet med døden og smertelindring. Verdighet er det viktigste i norsk helsevesen!».

LES MEIR: Vil endre abortgrensa og innføre aktiv dødshjelp

Tid

Om professor Lars Johan Materstvedt ristar i dei mest positive ungdomspartia, trur han at eutanasi blir ein røyndom i Norge. Ein dag. Han forklarar det slik: Vi nordmenn blir stadig meir individualistiske, og fleire ønskjer å kontrollere eigen død. For ein vil bestemme over seg sjølve og eigne liv. Å gå ut av livet fordi ein har sterke smerter som følgje av ulækjeleg sjukdom, er mindre viktig. Tap av vørdnad og autonomi er viktigare når ein ønskjer aktiv dødshjelp eller legeassistert sjølvmord.

– Men, understrekar Materstvedt, det vil ta tid.

– Kva forklarar du det med?

– Tre grunnar. Norge har eit godt helsevesen som stadig evnar å tilby betre lindrande behandling. Med unnatak av Frp seier alle politiske parti massivt nei til eutanasi. Legeforeningen og dei fleste legar er sterkt 
imot.

Endring

Til det siste punktet har likevel Materstvedt eit tillegg:

– Det er gjort undersøkingar blant yngre medisinstudentar, den siste i 2013, som viser at ei større gruppe er positive til aktiv dødshjelp.

Men det vil gå mange år før Stortinget endrar lovene, seier etikaren. I Nederland, eutanasiens «heimland», byrja legaliseringsprosessen i 1973, med ein dom mot ein lege. I 2001 blei eutanasi lovleg.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter