Mentor Medier snudde underskot til overskot
MEDIER: Mediekonsernet som eig Vårt Land forbetra årsresultatet med nesten 40 millionar kroner frå 2022 til 2023.
Administrerande direktør i Mentor Medier, Per Magne Tveiten, har grunn til å vere nøgd med årsresultatet til mediakonsernet.
Terje Pedersen
Mentor Medier hadde eit svakt resultat i 2022, med over tjue millionar kroner i underskot før skatt. No har derimot mediekonsernet fått betre vind i segla og styrte inn til eit overskot før skatt på 18,6 millionar kroner for 2023. Den positive resultatforbetringa er altså på 39 millionar kroner, viser årsrapporten til Mentor Medier.
To av dei viktigaste grunnane til resultatforbetringa er Morgenbladet og TVL. Vårt Lands satsing på TV-kanalen TVL førte til fleire millionar i tap, noko som prega årsresultatet for 2022. TV-kanalen blei overtatt av KNIF AS og er såleis ute av resultatrekneskapet for Mentor Medier frå i fjor.
Morgenbladet bidrar til resultatforbetringa i konsernet på hovudsakleg to måtar: Avisa har fått auka pressestøtte etter å ha blitt godkjent som «nasjonal nr. 2-avis». Denne auken kom på 11,3 millionar kroner frå 2022 til 2023. I tillegg har Morgenbladet hatt ein solid abonnementsvekst, noko som gav avisa ein resultatauke på 9,3 millionar kroner.