Maria midt på treet
HOLLYWOOD: J.D. Carusos spenningsfilm om jomfru Maria og Jesu fødsel kan skape ny interesse rundt verdas mest kjente mor. Som film er «Maria» akseptabel, men ingen klassikar.
AKTUELL FILM: Noa Cohen som jomfru Maria i filmen «Maria». Filmen har med mange av elementa frå bibelforteljinga, men utbroderer spenninga, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Christopher Raphael/Netflix
Historia om den unge jenta som fekk i oppdrag å bli Guds mor er av sentral betydning for over to milliardar kristne. Jomfru Marias lagnad appellerer også utover rekkene til dei truande, særleg no før jul. Det uforklarlege i juleunderet er først og fremst at Gud blir fødd som menneske, inkarnasjonen, dernest at Maria blir gravid utan å ha hatt sex. Kombinasjonen av element i denne bibelforteljinga har sprengkraft utover dei fleste andre forteljingar, både i Bibelen og i samfunnet elles.
Det er interessant at det ikkje finst så mange spelefilmar om jomfru Maria. Iallfall er førekomsten minimal sett i lys av det store nedslaget Jesu mor har i biletkunsten. Den nye filmen Maria, regissert av J.D. Caruso, går dermed inn i eit terreng som både er ekstremt velkjent og filmatisk underutforska.
Nye sider av Maria