Margaret Atwood kallar til handling for rettferd og miljø

Prisvinnande forfattar Margaret Atwood ber folk støtte kristen organisasjon i kallet til å redde verda før det er for seint. – Ein kan ikkje skilje mellom indre tru og ytre handling, seier forfattar Freddy Fjellheim.

Den kanadiske forfattaren Margaret Atwood stør den kristne, ­aktivistiske organisasjonen Sojourners med 10.000 dollar, og ber andre gjere det same.
Publisert Sist oppdatert

«No, meir enn nokon gong, er det viktig at folk kjem saman i arbeidet for å redde planeten vår. Det er ikkje sikkert vi får nokon ny sjanse», skriv den prisvinnande, kanadiske forfattaren Margaret Atwood i ei pressemelding der ho ber folk støtte den amerikanske, kristne, aktivistiske organisasjonen Sojourners i kampen mot undertrykking, fattigdom og klimaøydeleggingar. Sjølv har ho gitt 10.000 dollar, og ho oppmodar e-postmottakaren til å hive seg med: «Join me – now is the time.»

– Eg blir alltid overlykkeleg når eg ser at bodskapen vår finn gjenklang hos folk, overalt i verda, seier Sojourners-leiar Jim Wallis til Vårt Land i ein e-post.

Det betyr mykje for dei å ha Margaret Atwood med på ­laget. Ho blir ofte nemnd i same ­andedrag som Nobels litteraturpris, og ho er internasjonalt kjent både for forfattarskapen sin og for eit enormt engasjement for menneskerettar og miljø – både i og utanfor litteraturen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS