Boka om boka - gjennom to tusen år, er tittelen på Hans Johan Sagrustens samstundes lærde og folkelege bok. Og sjølve Boka blant dei mange bøkene, er Bibelen: Ho kan med rette kallast revolusjonerande, ikkje berre med sitt innhald men også gjennom dei teknologiske nyvinningane dei bibelske skriftene har stått i brodden for – frå aposteltida til i dag.