Kunsten om 22. juli
22. juli har blitt behandla i fleire bøker, filmar, tv–seriar, og på teater. – Vi må i enda større grad forstå radikaliseringsprosessar, seier redaktør Hilde Sandvik.
– Berre det at vi begynner å behandle sorga med ulike visuelle, litterære og filmatiske uttrykk er del av ei viktig bearbeiding, seier Hilde Sandvik om dei ulike kulturelle uttrykka etter 22. juli.
Alf
I dag er det ni år sidan terroraksjonen den 22. juli 2011. Sidan da har hendinga blitt skildra, analysert, tolka, diskutert i både bøker, filmar, på teater og i tv-seriar. Kva seier dei ulike bøkene, filmane og tv-seriane om 22. juli?
– Nasjonale traume kan skape fellesskap og det kan skape avstand, meiner Hilde Sandvik, journalist og redaktør for nyheit– og debattmediet Broen.
– Eg trur at det var ein del som ikkje kunne kjenne seg igjen i det store felleskapet etter 22. juli.