KUNST OM 22. JULI:

Kunsten om 22. juli

22. juli har blitt behandla i fleire bøker, filmar, tv–seriar, og på teater. – Vi må i enda større grad forstå radikaliseringsprosessar, seier redaktør Hilde Sandvik.

I dag er det ni år sidan terroraksjonen den 22. juli 2011. Sidan da har hendinga blitt skildra, analysert, tolka, diskutert i både bøker, filmar, på teater og i tv-seriar. Kva seier dei ulike bøkene, filmane og tv-seriane om 22. juli?

– Nasjonale traume kan skape fellesskap og det kan skape avstand, meiner Hilde Sandvik, journalist og redaktør for nyheit– og debattmediet Broen.

– Eg trur at det var ein del som ikkje kunne kjenne seg igjen i det store felleskapet etter 22. juli.

– Trur du at måten 22. juli blir behandla i kulturen kan opne opp dette?

– Det er viktig at vi skapar eit større rom. Berre det at vi begynner å behandle sorga med ulike visuelle, litterære og filmatiske uttrykk er del av ei viktig bearbeiding.

Tok feil

Sandvik seier ho vart glad da ho såg tv-serien 22. juli som vart sendt på NRK.

– I utgangspunktet tenkte eg at eg ikkje orka å sjå serien. For eg visste det var vondt, eg visste kva som ville skje.

Men ho seier serien greidde å rykke to skritt tilbake og zoome inn på kva som vart gjort av ulike menneske på tvers av samfunnet vårt, både før og under den 22. juli.

– Det gjorde at det vart ro til å tenke og puste seier Sandvik.

– Kvifor ville du i utgangspunktet ikkje sjå serien?

– Eg tenkte at eg ikkje trengte han. Eg er generelt ikkje så interessert i adapsjonar av katastrofar der eg kjenner utfallet. Dessutan kjenner vi også denne historia så smertefullt godt.

Sandvik seier ho tok feil - i staden for å gå ned i sorga, greidde serien å løfte blikket og bli eit relevant samfunnsbilde.

LES OGSÅ: «Ingenting kommer til å være som før», skrev jeg 22. juli 2011. Slik gikk det ikke.

Den sinte mannen

Likevel er det noko som står att, meiner Sandvik.

– Snart ti år seinare ser vi at tankegodset til Anders Behring Breivik lever vidare.

Ho trekk fram rettssaka mot Philip Manshaus som nettopp er avslutta.

– Manshaus var ein mann som var tydeleg inspirert av Behring Breivik. Høgreekstremisme har vind i segla mange stadar i verda. Også dette vil trenge å bli behandla i kunsten.

– Kva tenker du på da?

– Ekstremisme i alle formar. Kva er det som skaper den sinte mannen?

Må forstå radikalisering

Sandvik trekk fram boka til Aage Storm Borchgrevink, En norsk tragedie.

– Ho skapte eit tidsbilde som vi burde studere nærmare. Borchgrevink viste fram tendensane som låg i kim allereie den gongen. Og vi ser no at Anders Behring Breivik har meiningsfellar i alle avskyggingar i heile verda for augeblikket. Den subkulturen han var ein del av, blomstrar.

Det Sandvik ønsker seg no, er ein kunstnarleg behandling av den unge mannen før han vart ekstremist.

– Kanskje romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar er ei slik historie, der vi ser at ein vi trudde det skulle gå bra med, blir radikalisert. Vi må i enda større grad forstå radikaliseringsprosessar.

LEST DENNE? Stillferdig ­bearbeiding av Utøya-mareritt

Sidetema i litteraturen

Litteraturkritikar i NRK, Marta Norheim, seier det gjekk ei tid før vi fekk nedslag av 22. juli i skjønnlitteraturen. Og da det kom, var det i mindre grad som eit hovudtema. Norheim trekk fram Velkommen til oss av Eivind Hofstad Evjemos, 7 dagar i august av Brit Bildøen, og Berge av Jan Kjærstad.

– Eg veit ikkje om nokon romanar eller historier der sjølve hendinga 22. juli er hovudsaka. Likevel speler det seg inn som ein del av eit større landskap og viser korleis terroraksjonen trefte enkeltpersonar på ulike måtar.

Breitt spekter

– Eg gruer meg ofte til å både lese og sjå noko som helst om 22. juli.

– Eg har det òg på den måten, eg ser ikkje filmane og tv-seriane. Eg veit ikkje om det er så bra å bestemme seg for det. Men eg trur det reint allment er godt at terroren er behandla, for det er ein måte å bearbeide det på.

Norheim meiner ein kan få betre grep om 22. juli når ein ser det frå ulike vinklar.

– For det er så mange ulike måtar å nærme seg det på. Det er så ufatteleg mange måtar å forstå det på. Dette er noko vi ikkje skal gløyme. Eg seier ikkje at all kunsten om 22. juli er god, men det at dei finst eit breitt spekter av vinklar og tilnærmingar, trur eg er bra.

LES MER: Erik Poppes gjenskaping av 72 terrorfylte minutter på Utøya skaper blandede følelser

Delte publikum

Filmkritikar i Vårt Land, Kristin Aalen, seier det først var utenkeleg at det skulle bli laga film av 22. juli. Men filmen Til Ungdommen kom allereie i 2012. Der følgde regissør Kari Anne Moe fire ungdommar som ho tilfeldigvis var i ferd med å lage ein dokumentar om rett før 22. juli. Ei av ungdommane var på Utøya da terroren råka.

– Den filmen var veldig god og sa oss noko veldig viktig. Så tok det nokre år, før filmane kom i 2018, blant anna Utøya 22. juli av Erik Poppe, som eg meiner er den sterkaste filmen.

Aalen var tilstede i Berlin da Utøya 22. juli vart vist, og seier han delte det utanlandske publikummet.

– Veldig mange klappa, men nokre få bua. Eg trur det var fordi fleire syntes det var for vondt å sjå kva desse ungdommane måtte gå gjennom.

Ei påminning

Aalen trekk òg fram Rekonstruksjon Utøya og 22. july, som er den første filmen der Anders Behring Breivik vart synleggjort, da Anders Danielsen Lie fekk spele terroristen.

Aalen trur at filmane om 22. juli er ei påminning om kor forferdeleg eit terrorangrep er.

– Det som har skjedd så nær oss, kan kanskje minne oss på kor vondt det er for menneske som opplev dette i andre land.

LES OGSÅ:

Jan Kjærstad skriver i kjølvannet av 22. juli. Romanfiksjonen leter etter tvil og ambivalens der andre søker enkle svar, mener forfatteren.

Netflix-produksjonen 22 July kunne ikke vært laget av en norsk filmskaper

En norsk tragedie er høyintellektuell Se og Hør–journalistikk, ruset på psykologi

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur