Knausgård med syndsvedkjenning eller forsvarstale?

Personen Karl Ove Knausgårds karaktersvikt er romanpersonen Karl Ove Knausgårds karakterstyrke.

Utfordringa med Min kamp-prosjektet blir særleg tydeleg i bok fem. Men Knausgård er tilbake på den litterære høgda, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Plottet tjuknar i Karl Ove Knausgårds seksbandsverk Min kamp. I band fem går Knausgård lengre enn nokon gong i å utlevere sine mørkaste sider, og skriv blant anna om eigen utruskap.

Aller først litt om romantittelen. I meldinga av den første boka var eg avventande til grepet med å bruke Adolf Hitlers boktittel (Min kamp) på eit skjønnlitterært verk. Kvifor har forfattaren Knausgård vald dette, med vitande vilje?

Ein ting er sjølvsagt det grensesprengjande og overskridande som finst i Knausgårds skriving, i både dei tidlegare bøkene hans og i Min kamp-prosjektet. Eit anna aspekt er skildringa av ein tyrannisk far.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS