Klangar av fred og håp på fersk norsk-gassisk korplate

ANMELDELSE: SKRUKs nye plate knepper hender med eit militærkor frå den norske misjonsmarka. Bodskapet er løfterikt.

SAMARBEID: Det norske koret SKRUK og Chorale Militaire Lova frå Madagaskar, her frå ei liveframføring under Olavsfest. Per Oddvar «Prots» Hildre har på plateinnspelinga gitt taktstokken vidare til Anders Rønningen. Plata kom ut fredag 13. juni.
Publisert

Koret SKRUK har med sin energiske dirigent Per Oddvar «Prots» Hildre hatt mange vellukka kulturutvekslingsprosjekt gjennom meir enn 50 år. Koret som blei starta på Sunnmøre i 1973, SKRUK står for Sunnmøre kristelige ungdomskor, gav blant anna ut den viktige plata Slipp mine fløyter fri (1990) i samarbeid med gruppa Altiplano frå Ecuador. 

Landet vi kommer fra (1997) samarbeidde dei med musikarar frå Aserbadjan. Dei har også jobba med musikarar frå blant anna Iran, Tyrkia og USA.

Med den nye plata Ei felles bøn om fred er det Madagaskar som er i brennpunktet. På mange måtar eit naturleg val, samtidig som det ber med seg store kontrastar. Noreg har sendt misjonærar til Madagaskar i over 150 år. Likevel er det store avstandar, ikkje berre i kilometer. Noreg er eit av dei rikaste landa i verda, kanskje det rikaste. Madagaskar er rekna som eit av dei fattigaste, kanskje det fattigaste, i verda.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP