Jon Fosse kjem med ny romantrilogi
Første bok i Vaim-trilogien kjem ut i september.
Jon Fosse er klar med ny bok til hausten, den første romanen i ein trilogi.
Agnete Brun/Samlaget
Jon Fosse kviler ikkje på laurbæra etter at han blei tildelt Nobelprisen i litteratur i forfjor. No er det klart at den norske forfattaren kjem ut med ein ny romantrilogi, om den oppdikta bygda Vaim.
Den første boka i serien kjem allereie i september, og heiter kort og godt Vaim. Bok nummer to, Vaim Hotell, skal etter planen ut i september 2026, mens den tredje, Vaim Vekeblad, er sett opp for lansering i september 2027.
Forlaget informerer følgjande om innhaldet i den første boka: «Jatgeir frå Vaim reiser med snekka Eline
til Bjørgvin. Han skal kjøpa nål og tråd, men blir snytt to gonger. Underleg
nok får han med seg heim sin ungdoms kjærleik Eline, som rømer frå mannen
Frank. Vaim er ei forteljing om Eline, Jatgeir og Frank. Det handlar om snekker
og sjarkar, kjærleik og død, føyelege menn og ei uvanleg viljesterk dame. Det
nyttar ikkje å argumentera mot Eline.»