Himmelvendt og jordnært frå Jon Fosse
Fosse samtalar ikkje berre med den bibelske tradisjonen, men også med den lyriske.
I diktet «Sky av lys» ser vi mykje av mystikaren Jon Fosse, som dels skjuler seg, dels trer fram, slik Fosse også dels skjuler seg, dels trer fram med dikt som er skrivne endå tydelegare opp imot den kristne tradisjonen, skriv Vårt Lands Alf Kjetil Walgermo.
NTB scanpix
I år er det ti år sidan Jon Fosse gav ut diktsamlinga Auge i vind. Sidan denne har han gitt ut ei samling med «songar» i 2009, dikt skrivne for tonesetting av musikaren Gabriel Fliflet. Med Stein til stein har han vendt attende til frie vers, som for så vidt er konvensjonen i den norske samtidslyrikken. Fosse fornektar seg likevel ikkje, og inkluderer denne gongen ein salme mellom dei 39 dikta. «Nattsalme» er også tatt med i den nye norske salmeboka. I Stein på stein utgjer denne salmen det som må kunne seiast å vere eit samlingspunkt for tematikkane og trådane Fosse arbeider med i resten av diktboka.
Religiøse ord. Allereie tittelen gir fleire assosiasjonar både i retning skrivearbeidet, livslagnaden og religionen. I Fosses dikting kling det umiskjenneleg av religiøse ord og tankebygningar, innanfor eit univers som godt kan ha Kristus som hjørnestein. Diktaren sjølv tek ikkje så eksplisitte markørar i bruk, men skriv i staden fram eit språk som er like fullt av paradoksar som den kristne trua. Eit godt døme er diktet «Sky av lys»:
ikkje eit lys
Bestill abonnement her
KJØP