Her skal bedehuset hylle nokon andre enn Gud
FOSSE-HUSET: Sidan 1950-talet har bedehuset i Kvam i Hardanger vore i bruk. No blir biletet av Jesus erstatta av forfattarkunsten til Jon Fosse.
HYLLEST: Noregs kanskje største forfattar kjem frå Kvam kommune i Hardanger. No blir han heidra heime. Biletet er frå Fyksesund.
Erlend Aas
Berre to hus bortanfor bedehuset ligg barndomsheimen til Noregs største dramatikar, Jon Fosse.
Framover blir det hans forfattarskap som inntek forsamlingslokalet, ifølgje NRK.
Fosse-stiftinga har nemleg kjøpt Kvam bedehus, og skal stille ut kunst, plakatar, artiklar – og arrangere førestillingar. Dei siktar òg på å bygge opp eit arkiv og lage ei skrivestove til gjesteforfattarar.