Heltedikt
for vår
eiga tid
– I Edda-dikta
les vi om jaget etter gull og makt, akkurat dei same grunnleggande lystene som ligg bak dagens grådigheitskultur, seier Edda-gjendiktar Knut Ødegård.
Codex Regius (cirka 1270)
er grunnlaget for Knut Ødegård si nye gjendikting av heltedikta frå Edda. Dokumentet vart funne på Island i 1643.
Lyrikaren Knut Ødegård har akkurat lagt siste hand på si gjendikting av Edda til nynorsk. Det fjerde bandet, med heltedikt frå den eldre Edda, kjem ut no.
– Etter seks års slit, men også ei stor glede, fortel Ødegård, som gler seg over ein ny vår for norrøne og gammal-islandske skrifter.
For fire år sidan kom Kjell Arild Pollestad si nye utgåve av Snorres Kongesagaer, i fjor kom det store islandske middelaldermanuskriptet – Flatøybok, omsett av Edvard Eikill, og no er den eldre Edda komplett i ny nynorskgjendikting. Det er 108 år sidan sist.