Grete Pedersen: – Eg er enormt glad for at rettssaka blei avslutta før finalehelga
MUSIKK: Den første gongen Grete Pedersen hamna i retten med Solistkoret, klipte sonen av telefonleidninga. No går ho av som dirigent etter 35 innhaldsrike år, og sluttstrek for ein ny rettsrunde. – Takksemd for alle menneska og all musikken er den sterkaste kjensla, seier ho.
SOLISTKORET: Grete Pedersen sluttar som dirigent for Det Norske Solistkor etter 35 år. I dette intervjuet snakkar ho ut om rettssakene med Solistkoret, forholdet til ein kvinneleg prest, landslagskarrieren i fotball og det lange og brennande engasjementet for musikken.
Erlend Berge
Kontoret til Grete Pedersen på
Musikkhøgskolen har plass til to flygel og ein sofa. Det er vanskeleg å
førestille seg at kontorlokala kan bli endå større i USA. Men dit flyttar altså
Pedersen for å vere professor i dirigering på prestisjeuniversitetet Yale.
Ho er seint ute til intervjuavtalen,
moglegvis i full sving med å tilpasse seg amerikanske tidssoner. Men når ho
først dukkar opp, tek ho seg tid. Så er det då også eit innhaldsrikt liv vi
skal kaste eit blikk tilbake på.
– Det som har overraska meg mest er
eigentleg at eg har halde på i 35 år. Det såg eg ikkje for meg i det heile då
eg starta, seier Pedersen om den lange fartstida som dirigent for Det Norske Solistkor
(Solistkoret).
Bestill abonnement her
KJØP