Helge Farstad
BOK: Kjellaug og Helge Ferstad bur på Skodje, ikkje langt frå dei vakre kvelvingsbruene og fjordlandskapet som dei er omgjevne av.

Frå innsida av eit manisk sinn

LITTERATUR OG PSYKIATRI: Han har vore innelåst og tvangsmedisinert. Han har rømt frå eit psykiatrisk sjukehus. No har Helge Ferstad skrive bok om å vere manisk.

Publisert Sist oppdatert

– Utan kona mi ville eg vore død, seier Helge Ferstad.

Han gret stille. Takksemda overfor kvinna som har elska og støtta han i snart førti år, er så stor at han knapt klarer å uttrykke det. Omtrent like lenge har 60-åringen hatt diagnosen bipolar 1, tidlegare omtalt som å vere manisk depressiv.

Ferstad har vore tvangsinnlagt elleve gonger. Den første gongen var kona gravid med den eldste av dei tre sønene deira. Ho fødde mens ektemannen var på dagspermisjon frå eit psykiatrisk sjukehus. Elleve år seinare kom politiet heim til familien og henta Ferstad på nytt. Då hadde ekteparet tre små gutar.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS