Forfattar Jon Fosse gjer minst mogleg ut av jula
«Ein vinterdag» har Jon Fosse kalt julefortellinga han har skrive for Den norske kyrkja sin adventskalender. – Eg likte jula som barn, sidan har eg hatt eit vanskeleg forhold til heile jula, seier han.
– Jula er viktig, men for meg, som for andre katolikkar, er det påsken som er den største høgtida.
Hommedal, Marit
Første desember vil du kunne finne Fosse-teksten på nettstaden til Den norske kyrkja. «I de dager...» heter kalenderen der du bak første luke finner årets vinner av Nordisk Råds litteraturpris, Jon Fosse. Han er ein av dei 24 forfattarane som sa ja til å skrive inspirert av juleevangeliet. Blant dei andre finn vi Gaute Heivoll, Ruth Lillegraven, Rune Christiansen, Gro Dahle, Lars Petter Sveen og Kari Bremnes.
Jon Fosse har skreve teksten eksklusivt for kyrkja. I teksten som du kan lese på dei neste sidene, fortel han om eit møte mellom dei to karane Åsleik og Asle. Åsleik vil ha Asle med inn fjorden for å feire jul hos søstera si. Asle har vorte invitert til henne fleire år på rad.
LES OGSÅ: Dette er historien bak salmen Mitt hjerte alltid vanker