Flyktningroman på heilag grunn
LITTERATUR: I romanen «Chiquitita» brukar Pedro Carmona-Alvarez erfaringane sine som politisk flyktning frå Chile til Noreg. Og denne gongen skriv han «rett på» Gud.
FORFATTAR: Pedro Carmona-Alvarez og familien hans kom til Noreg som politiske flyktningar frå Chile. No har han brukt erfaringane sine i flyktningromanen «Chiquitita».
Odin Drønen
Romanen Chiquitita spring ut av eit møte med Jesus på krossen. I ei sentral scene går hovudpersonen Marisol inn i ei kyrkje og ser Jesus hengande. Den gjennombora og gjennomhola Kristus blir eit bilete på ulike typar gjennomholing i eit land som rasar saman i valdeleg maktutøving.
– Marisols historie er openbert nært mi eiga. Eg har alltid tenkt at eg ein eller annan gong skulle fortelje denne historia, men eg har ikkje funne noka form på det før no, seier forfattaren, Pedro Carmona-Alvarez.
Han og familien kom til Noreg som politiske flyktningar på starten av 1980-talet. Denne erfaringa brukar han aktivt i forteljinga om Marisol, som er kalla opp etter sola og jomfru Maria.
Bestill abonnement her
KJØP