Familiekraft på OverOslo
ANMELDELSE: Ikkje berre spelte skaparen av hitlåten «We Are Family» på OverOslo torsdag kveld. Familien kom i brennpunktet på fleire konsertar.
HØGDEPUNKT: Eva Weel Skram og Thomas Stenersen formidla på høgt nivå på OverOslo torsdag. «For meg var Eva Weel Skram det musikalske høgdepunktet på ein konsertdag som romma svært mykje bra», skriv Vårt Lands meldar.
Alf Kjetil Walgermo
Musikkfestivalen OverOslo har etablert seg som
ein av dei store musikkfestivalane i landet. Vakkert plassert på toppen av
Grefsenkollen, med utsikt over hovudstaden, spelar det eine toppnamnet etter
det andre.
Festivalen appellerer dessutan til eit litt eldre, kjøpesterkt
publikum som veit å kose seg i sommarsola.
Hovudsakleg er det likevel ordna
forhold blant publikum, med overvekt av sittande i dei to store skråningane som
utgjer dei naturlege amfia på den skogkledde kollen.