Gud på pinebenken
Den svarte komedien Det helt nye testamentet lar Gud bu i Brussel, der han både røykar og drikk whisky. Og snart sørgjer dottera for at det meste går på tverke for den gretne guddomen.
RØFF: Gud er ikkje akkurat ein snill gammal mann med skjegg i den belgiske filmen Det helt nye testamentet.
Religionssatire er ikkje noko nytt. Latterleggjering av guddomar går tilbake til Det gamle testamentets dagar. Første Kongebok fortel om profeten Elia som gjorde narr av Baal-dyrkarane som ba guden sin om eld til offerbålet. «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått avsides eller er ute på reise. Kanskje han søv og må vakna,» heiter det i bibelteksten.
I Jaco Van Dormaels svarte komedie er det ikkje Det gamle testamentet, men Det helt nye testamentet det handlar om. Filmen framstiller eit vrengebilete av Gud, der han i overvegande grad blir framstilt som ein gretten og utriveleg sadist.
LES INTERVJU MED REGISSØR JACO VAN DORMAEL: – Vi må kunne le av Gud
Bestill abonnement her
KJØP