Paradis på vranga

Korleis ser samfunnet vårt ut om menneska ikkje lenger har fri vilje? Filmen The Giver skildrar ein Edens hage du ikkje ville like å vekse opp i.

Fiona (Odeya Rush) og Jonas (Brenton Thwaites) lever i eit samfunn der kjenslene er tatt bort frå menneska. gir eit godt utgangspunkt for refleksjon om den blant anna den frie vilje, men kunne vore mange hakk betre, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Bibelen fortel at Gud skapte Adam og Eva og plasserte dei i Edens hage. I hagen før syndefallet var alle ting gode (om vi då ser bort ifrå slangen). Kvifor måtte Adam og Eva ete av den forbodne frukta og påføre menneskeheita syndefallet?

Spørsmålet som har vore stilt sidan tidenes morgon har eit på same tid enkelt og vanskeleg svar: Mennesket kan velje det vonde fordi vi er skapte med fri vilje. I science fiction-filmen The Giver formulerer leiaren av eldsterådet, den «overeldste» (Meryl Streep), det slik: Så lenge mennesket får velje, vil det alltid velje feil. Denne «innsikta» har eldsterådet tatt konsekvensen av. Dei har skapt eit harmonisk, men gjennomkontrollert samfunn der alt som kan skape vondskap og konfliktar er luka bort – rase, religion, kjensler, ja, til og med farge.

Svart-kvitt

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP