Festspeldirektøren: – Kunst kan endre verda
FESTSPELA I BERGEN: Direktør Lars Petter Hagen er ferdig med lærlingperioden og set den eksistensielle kunsten i sentrum for Festspela i Bergen.
SJEFEN FOR DET HEILE: Festivaldirektør Lars Petter Hagen har sitt første år som fullblods sjef for Festspela i Bergen. – I fjor var eg lærling og flytta flygel, seier han. Årets festspel er det 71. i rekka.
Thor Brødreskift / Festspela i Bergen
Lars Petter Hagen er festspeldirektør for dei 71. Festspela i Bergen. Det er dei første festspela han har sett eit personleg avtrykk på. Han blei rett nok tilsett rett før festivalen i fjor, men vedgår at det er først i år han er blitt varm i direktørstolen.
– I fjor var eg ein slags lærling, flytta flygel og sette meg inn i dei ulike oppgåvene. Oppgåva som festspeldirektør fyller meg med ærefrykt, for eg leier ein av Noregs mest tradisjonsrike kulturinstitusjonar. Ei lang rekke med legender har vore innom Festspela i Bergen gjennom tidene. Samtidig er det viktig å ikkje vere redd, men våge å fornye – og på den måten halde tradisjonen levande, seier Hagen til Vårt Land.
Noko av det han er mest glad for å ha fått til i år, er det store utandørstilbodet, som er gratis, og koplinga av store internasjonale kunstnarar og lokale talent. Nettopp denne balansen er essensiell for at festivalen skal ha både tyngde og særpreg. Etter kvart som åra går, rykker då også mange av talenta opp og blir til internasjonale namn, som festspelmusikar Lise Davidsen. Ho studerte ved Griegakademiet i Bergen og er i dag ei av dei største stjernene i operaverda.
Bestill abonnement her
KJØP