Etterlyser endringar på exphil-pensum
Avkoloniseringsdebatten har ikkje ført med seg konkrete pensumendringar. – Vil bli eit sentralt tema på universiteta til hausten, fortel SAIH.

– Sjølv om ein ikkje ser store endringar på pensumlister heilt enno, er det ikkje slik at ingenting skjer. Folk danner nettverk, utvekslar kunnskap og erfaringar og tek opp kritiske spørsmål i samanheng med avkolonisering.
Det seier forskingssjef ved Institutt for fredsforskning (Prio) Cindy Horst om etterverknadane av den intense avkoloniseringsdebatten som ho var med å lansera sist år. Ho var med på å lansera debatten om avkolonisering av akademia, kor dei blant anna lyste ut større mangfald av ikkje-vestlege tenkarar på pensumlister. Ho ser konturar av endringar etter debatten, men då spesielt i institusjonar utanfor akademia.
– På enkelte museum og innanfor kunst og teater har dei tatt opp spørsmål som er knytt til avkoloniseringsdebatten, seier ho.
Horst meiner at heile akademia burde sjå kritisk på sin eigen kanon, men ser at exphil, i rollen som i eit tverrfagleg introduksjonsemne i filosofi, etikk og vitskap, burde vera spesielt eigna for å inkludera slike perspektiv.
LES MER: Religionsforsker: 'Akademia kan lære av oss'
SAIH
Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) var i lag med Cindy Horst sentrale i lanseringa av debatten i fjor. Leiar for SAIH, Sunniva Folgen Høiskar fortel at idet debatten roa seg litt i media så tok den ein større rolle på campus på dei forskjellige universitetene. Dei er glade for debatten, sjølv om han til tider var svært polarisert. Meir vil skje framover kan ho fortelja.
– Hausten kjem til å ha fleire arrangement med avkolonisering som sentralt tema, seier ho.
Høiskar fortel at SAIH har jobba med å konkretisere nærmare kva avkolonisering kan innebera, i tillegg til å jobba med konkrete råd, verktøy som vil jobbe med problematikken.
– Debatten i fjor spora av til å bli lite konstruktiv og prega av aktive misforståingar. Gjennom ein konkretisering av omgrepet vil nok motsetningene ikkje forsvinne, men antagelegvis bli mykje mindre, seier ho.
Ho meiner akademia burde vera opme for å inkludera andre perspektiv, også de som er kritiske til den etablerte kanon.
– Det har tidlegare vore liknande debattar om å få inn fleire kvinner til dømes. Fag som Exphil burde vera opne for å inkludera nye sjølvkritiske perspektiv, seier ho.
Exphil
Einar Duenger Bøhn er filosofiprofessor på Universitetet i Agder og leiar i i det nasjonale fagrådet for filosofi og idéhistorie som inkluderer exphil. Dei er eit rådgivande nasjonalt organ for lærestadene som tek opp diskusjonar om blant anna pensumlister. Han fortel at slike diskusjoner heile tida er til stades blant dei som jobber med det.
– Idet debatten stod på var ikkje dette nokon ny problematikk for oss, fortel Bøhn.
I oktober vil det vera eit nytt nasjonalt møte, kor Bøhn antar at pensumlister også i lys av avkolonisering vil bli tatt opp. Den vil antalegvis kome på line med andre synspunkt, fortel han.
Han understreker at dei ulike lærestadene har forskjellig exphil-pensum og at det slettes ikkje er slik at pensumlister er hugga i stein.
– Skal akademia kunne la seg endra etter press utanfrå?
– Akademia må sjølvsagt ta del i og lytte til det som blir sagt av allmenta om akademia, samstundes som akademia heller ikkje kan gi etter på vegne av faglig integritet, fortel Bøhn.
Han meiner mange overser den kritiske sansen til dei professorane som foreles.
– Det er jo ikkje slik at foreleserane ikkje er kritiske til det dei underviser om, seier Bøhn.
LES OGSÅ: Vil skrive Afrika inn på kartet.