Kultur

Å skrive på morsmålet var ein framand tanke

– Forfattarar kan seie så mykje dei vil at ei bok ikkje handlar om politikk, men bøker vil alltid avsløre maktstrukturane i eit samfunn, seier den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong’o.

Ngugi wa Thiong’o debuterte i 1962, året før Kenya etter årevis med opprør fekk sjølvstende frå britane. Landet hadde vore britisk koloni sidan 1895. Han markerte seg tidleg som ei viktig samfunnskritisk røyst og har fått enorm betyding for fremjinga av afrikansk kultur og språk. I dag blir han ofte nemnd som kandidat til å få Nobelprisen i litteratur.

Eit halvt hundreår etter at dei først kom ut i Kenya, er romanane The River Between (1965) og A Grain of Wheat (1967) no omsette til norsk. Hvetekornet kom i 2015 og Elven som skiller no i vår. Vårt Land møtte han imellom slaga på Sigrid Undset-dagene på Lillehammer tidlig i juni.

– Kvifor desse bøkene kjem ut i Noreg først no, veit eg ikkje, men eg er veldig glad for det! seier wa Thiong'o.

Nett no er det nettopp synleggjering av litteratur skrive på afrikanske språk som er det som opptar han mest, ein litteratur han meiner ofte er usynleg i global samanheng.

---

Ngugi wa Thiong’o

  • Ngugi wa Thiong'o (f. James Ngugi, 1938) er ein prisvinnande kenyansk forfattar av Kikuyu-stammen. Han skriv både skodespel, romanar, memoarar og essayistikk, og er ein markant postkolonial forfattar.
  • Han debuterte i 1962 og skreiv sine første skodespel og romanar på engelsk. Etter eit fengselsopphald bestemte han seg i 1978 for å skrive all skjønnlitteratur på kikuyu.
  • Hans politiske engasjement har prega forfattarskapen hans, og sentrale tema for wa Thiong'o har vore avkolonisering, imperialisme, tradisjon, nasjon og religion.
  • I 1978 flykta han med familien til USA, der han også er busett i dag. Han har undervist ved New York University og University of California, i litteratur, engelsk og omsetjing.
  • Første gong omsett til norsk i 2015, med Hvetekornet. Elven som skiller kom i 2017. Begge bøkene er utgitte på Bokvennen, omsette av Reidulf Molvær.

---

Oppvakning

Sjølv om det er lenge sidan han skreiv dei to romanane, hugsar han godt sine første år som forfattarspire.

– Eg hadde oppvakninga mi som forfattar som student på universitetet i Uganda. Det var den gongen det einaste universitetet for mange av landa i Aust-Afrika, og konkurransen var enorm. At eg kom inn der, var rett og slett mitt livs sjanse, fortel wa Thiong'o.

Ngugi wa Thiong'o

Stemninga i Uganda var også annleis enn heime i Kenya, som var herja av frigjeringskampane.

– Uganda var også ein koloni, men ikkje på same måte som Kenya. Kenya var ein settlar-koloni, der den kvite mann kom og tok jorda vår, der det var rasisme i alle strukturar og lover og der det var undertrykking i gatene. I Uganda kunne eg puste friare og slik finne stemma mi som forfattar.

Heile forfattarskapen har krinsa rundt tema som opprør og avkolonisering, og om effektane av koloniseringa på afrikansk tradisjon og kulturarv. wa Thiong'o er sjølv av Kikuyu-stammen, Kenyas største etniske gruppe som utgjer om lag ein femtedel av folkesetnaden i landet. Dei har sitt eige språk, kikuyu, men då wa Thiong'o vaks opp, var det ingen som stussa på at engelsk var språket som vart brukt i alle landets instansar – i undervisninga og som litterært språk.

– Eg skreiv mine første bøker på engelsk. Det falt meg ikkje eingong inn at eg kunne skrive på kikuyu.

Det at ein som kolonisert byrjar sjå på kolonimakta sitt språk som så naturleg, som ein del av seg sjølv, er noko han har skrive mykje om.

– Dette også interessant i norsk samanheng, parallellane til forholdet mellom den norske majoriteten og samane historisk sett er sterke. Dei har også blitt undertrykte og assimilerte, og ikkje fått lov til å bruke sitt eige språk.

Kikuyu

Då han først bestemte seg for å skrive på kikuyu, fekk det konsekvensar.

– Skodespelet Ngaahika Ndeenda, altså «Eg gifter meg når eg vil», var det første eg skreiv på kikuyu. Dette var i 1977. På hausten same år vart skodespelet forbode og eg vart arrestert og sett i fengsel. Eg hadde skrive samfunnskritiske ting før, så eg er ganske sikker på at det var språket som gjorde utslaget.

Medan han sat i høgsikkerheitsfengsel i Nairobi, skreiv han sin første roman på kikuyu, på fengselets toalettpapir: Caitaani mũtharaba-Inĩ («Djevelen på korset»). Det var her han først byrja ta inn over seg ulikheita mellom språka som eit resultat av koloniseringa, og han bestemte seg for at han frå no av skulle skrive all skjønnlitteratur på kikuyu.

– Det må vere naturleg for afrikanske forfattarar å skrive på sitt eige språk, seier wa Thiong'o, som har bidratt til å normalisere kikuyu som litterært språk.

Jamvel om det framleis er ein lang veg å gå før det blir utbreitt å skrive på kikuyu, eller å bruke tekstar på kikuyu i undervisning, meiner han at folk er blitt mykje meir bevisste.

– For det første er det ikkje lenger ein så framand tanke for folk. For det andre er det mykje meir debatt om det no. På mi tid var det eit ikkje-tema. Det var ei sjølvfølgje å skrive på engelsk.

Profetisk tradisjon

Han vart lauslaten frå fengselet året etter, men situasjonen var blitt vanskeleg for wa Thiong'o og familien i Kenya. Dei måtte flytta til USA. Her budde dei i eksil 22 år, til landet fekk ny president i 2002. Sjølv om han framleis bur i USA, er han ofte på besøk i heimlandet. Og Kenya er framleis sentral tematikk i forfattarskapen.

– Eit viktig tema i mange av bøkene dine er etterverknadene av koloniseringa og nykoloniseringa i Kenya. Korleis er situasjonen i dag?

– Afrikas ressursar blir kontrollerte av utanlandske bedrifter i vesten. Før vi skal kunne forhandle internasjonalt på like og rettferdige vilkår, må vi få denne kontrollen tilbake. Afrika må fri seg frå ein relasjon til vesten der dei afrikanske landa donerer vekk sine ressursar. For det er slik det er, ikkje omvendt! seier han.

Å skrive er å halde opp ein spegel mot samfunnet.

—  Ngugi wa Thiong’o

For wa Thiong'o er ein upolitisk forfattarskap utenkjeleg.

– Å skrive er å halde opp ein spegel mot samfunnet. Det er umogleg å skilje spegelen frå det han speglar og frå forfattaren sin ideologiske vinkel. Forfattarar kan seie så mykje dei vil at ei bok ikkje handlar om politikk, men bøker vil alltid avsløre maktstrukturane i eit samfunn.

– I eit intervju med Los Angeles Review of Books uttalte du at forfattarar er ein del av ein profetisk tradisjon. Korleis skal vi forstå det?

– Ser vi på bildespråket til dei bibelske profetane, ser vi at dei var forfattarar – sjølv om profetiane deira var munnlege. Så er det det at forfattarar, eller kunstnarar generelt, ofte kan føresjå framtida – også når det ikkje er deira intensjon.

Ein kolonial gud

Religion har vore eit viktig tema i mange av wa Thiong'o sine bøker, også i desse to tidlege romanane som finst på norsk. I Elven som skiller er kristendommen sjølve manifesteringa av den byrjande koloniseringa i 1920-talets Kenya. Kristendommen har skapt splid mellom den tradisjonelle kikuyustammen i landsbyen Kameno på den eine sida av elva og dei kristne utbrytarane i landsbyen Makuyu på den andre, som har adoptert trua til den kvite mann.

– Kristendommen fekk enorm betyding i Afrika. Dei tradisjonelle afrikanske samfunna hadde sine eigne oppfatningar om Gud og universet, som var i konflikt med kristendommen. Nokre av dei som vart kristna, slik vi ser i denne boka, vart fanatikarar som ville fornekte alt dei knytte til kikuyuanes tradisjonar og tru. Deira gud er ein kolonial gud, seier wa Thiong'o.

– Men for dottera til den strengaste fanatikaren er Gud derimot personleg, kjærleg og tilgivande?

– Ja, det er den same guden, men ein heilt anna. Det viser berre korleis folk tolkar Bibelen, og religion generelt, ulikt utifrå ulike sosiale situasjonar. Ein person som utnyttar andre, vil tolke Bibelen heilt annleis enn ein person som blir utnytta.

– Kva rolle har religion spelt i bøkene dine?

– Religion som spiritualitet har alltid vore viktig i skjønnlitteraturen min. Alle menneske strever etter spiritualitet. Men svært ofte blir reglar viktigare enn tru.

det å seie at min Gud er meir gud enn din er ei veldig ugudeleg handling

—  Ngugi wa Thiong’o

Det er akkurat det som skjer i Elven som skiller. Etter kvart som striden mellom dei tradisjonelle kikuyuane og dei kristne blir meir tilspissa, blir båe sidene meir opptatte av påbod og forbod enn av tru i seg sjølv.

For wa Thiong'o er dette eit problem i mykje av gudsdyrkinga vi ser i verda også i dag.

– Eg meiner at organisert religion kveler spiritualitet. Og det å seie at min Gud er meir gud enn din er ei veldig ugudeleg handling.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur