Sophie Elise: – Bøker gjer deg kulare, smartare og meir nyansert som menneske
LITTERATUR: Influensar Sofie Steen Isachsen tenker på døden kvar dag og meiner du er litt lat om du ikkje les nynorsk.
LØFTAR BØKENE: – I ei verd der menneske blir dummare, latare og meir sjølvopptatte, kan bøker vere med å flytte pendelen i rett retning, meiner influensaren Sofie Steen Isachsen, best kjent som Sophie Elise.
Sondre Røe
Influensaren
Sofie Steen Isachsen, mest kjent som Sophie Elise, framsnakkar nynorsk og likar
Jon Fosse. No skal ho delta på Fossefestivalen. Ho har tidlegare hatt sin eigen
bokklubb og ho skriv bøker sjølv. I eit stort intervju med Vårt Land fortel ho
om kva som gjorde henne til ein lesar.
– Då vi hadde prøver på barneskulen som skulle definere kor gode
ein var til å lese, der det handla om å lese kjappast mogleg, men likevel få
med seg innhaldet i teksten, så skåra eg alltid best i klassen, fortel Sophie
Elise.
Å plukke opp og lese ei bok utan at det kjennest som eit
evigheitsprosjekt, har alltid gått fint for henne. Ho hugsar at ho gret då ho las
Astrids Lindgrens Brødrene Løvehjerte – i senga i huset til mormora.
Men då ho mot slutten av barneskulen las novella «Å drepe eit barn» av Stig
Dagerman, var det noko som fall på plass inni henne.
Bestill abonnement her
KJØP